Ei framtid på bygda Tekst/foto: Ida Johanne Aadland

Andrea Bunæs angrar ikkje på at ho valde yrkesfag framfor studiespesialiserande.

Det er første skuledag på vidaregåande, og Andrea Bunæs sit i klasserommet på Valdres vidaregåande skule på Leira. Saman med eit tjuetal andre elevar skal ho ta fatt på løpet som gjev kan gje dei fagbrev som kokkar, konditorar eller slaktarar. Men det er ikkje det ho vil. Det Andrea hadde aller mest lyst til var å gå på helse- og oppvekstfag, men karaktersnittet strakk ikkje til, så det vart restaurant- og matfag i staden, tredjevalet hennar. 

Ti minuttar inn i timen kjem det ein mann og spør etter ho. “Vil du vere med opp? Det har blitt ein ledig plass på helsefag”. 

 Det svartna heilt for meg! Eg hugsar nesten ikkje kva som skjedde ein gong, eg vart berre så letta, fortel ho.

Og helsefag vart det.

Liksom mange andre var Andrea skulelei etter ungdomskulen. Ho var lei av pugging, testar og teori og ville mykje heller bruke nevane og snakke med folk, for ho er glad i å prate. 

– Veldig glad i å prate, seier Aurdals-jenta blidt.  

Etter to år på helsefag og eitt år i lære, tek ho no fatt på sitt siste år som lærling på Vangsheimen. Dei to første åra på vidaregåande er mest teori, men òg fire praksisperiodar der elevane sjølv kan vere med på å bestemme kva arbeidsplass dei vil prøve seg på. 

Andrea fortel at det ikkje var flust med lærlingplassar å velje mellom. Den første praksisperioden hadde ho i barnehage, men ho fann fort nok ut at det ikkje skulle bli hennar heimebane. Neste praksisperiode søkte ho seg til eldreomsorgen i staden for. Og der har ho vorte verande. 

 

 

Ida Johanne Aadland (20)

Sumaren 2019 er Ida Johanne "fjellspire" og produserer reportasjar og annan snacks for Innovangsjon.

– Det er jo ikkje så rart at folk er usikre når ein skal vere 15-16 år og ta val for resten av livet, seier Andrea om val av utdanning.

Yrkesfagleg utdanning

  • Fireårig utdanning (inkl. to år i lære) som fører til fagbrev eller svennebrev (handverksfag)
  • Det finst meir enn 200 lærefag, blant anna gartnernæring, akvakultur, landbruk, yrkessjåfør, helsearbeidar og elektrikar. 
  • Som lærling har du same rettar og pliktar som dei andre tilsette i bedrifta, men har òg krav på opplæring etter læreplanen i faget. 

Sjølv om ho eigentleg håpte å få lærlingplass i omsorgsboligane heime i Aurdal, angrar ho ikkje på at ho hamna i Vang. Her har ho både kjærast og leilegheit, og ho trivst på Vangsheimen.

 Eg veit at det eg gjer blir verdsett. Eg ser at det eg kan hjelpe med trengst. 

Då eg treffer ho sit ho saman med Einar Reisar Bøe (89) og Solveig Marie Kvam (103), Vang si eldste dame. Dei innvier den nye sofagruppa sjukeheimen har kjøpt inn og har ingenting å utsetje på komforten. 

 Me kosar oss her!, stemmer dei i. 

Om alt går etter planen står ho med fagbrevet i handa neste haust. Då ventar alt anna enn ein 8-4-kvardag, men det har ho vore klar over heile vegen. 

 Det blir mykje turnusjobb, men eg likar denne måten å jobbe på sjølv om det går utover det sosiale på kveldane. 

Ho kan tenkje seg å bli vernepleiar ein dag, men ho er ikkje klar for ein ny rundt på skulebenken heilt enno. I Aurdal skal det stå klar nye omsorgsbustadar samtidig som ho er ferdig som lærling, og ho ser ikkje vekk ifrå at ho kjem til å søkje seg inn der. Ein ting er iallfall sikkert: 

 Eg skal ikkje til Oslo. Eg er ei bygdejente, og eg har tenkt å halde meg på bygda. 

Andrea saman med Einar Reisar Bøe (89) og Solveig Marie Kvam (103).

Vel du yrkesfagleg retning kan du gå rett ut i jobb etter to år på skulebenken og to år i lære. Ein er 16 når ein skal ta valet om framtida. 15 om ein er fødd på hausten. 

– Eg trur mange har vald feil, seier Haldor Dalbø som eg møter nokre kilometer lenger nord, i Hensåsen. 

Sjølv valde han byggfag etter ungdomsskulen. Rett før siste eksamen i andre klasse fekk han og kjærasten ein son. Haldor valde då å droppe ut og byrje å jobbe i staden, og står no utan vitnemål på fullført vidaregåande.  

– Hadde eg valgt no i dag hadde eg gått ferdig andreåret og teke fagbrev etterpå, seier han. 

Han likar å bruke nevane, akkurat som Andrea. Verktøy, handverk, bygging - i snart fire år har han snikra. 

– Kvifor? 

– Det blir jo noko. Ein kan bruke hendene sine til å lage noko fint av noko stygt. 

Haldor trivst best når han får bruke nevane og kroppen.

20-åringen er frå Røn i Vestre Slidre, men bur no i Hensåsen saman med kjærasten og sonen deira. Her vil dei leve og bu, og han kan nesten ikkje vente med å tene pengar nok til å kjøpe huset dei no leiger, så han kan byggje det om. 

– Eg har aldri vore noko særleg skulesmart. På papiret blir ting ofte vanskeleg, men får eg prøvd det i praksis går det liksom opp. 

Hos Vang Bygg har han vore i snart to år, ikkje som lærling, men heller ikkje som vanleg tilsett. Han fekk tilbod om ein slags arbeidspraksis då han droppa ut av skulen. Saman med kollegaer lager han nybygg og byggjer forskaling Han er også avløysar hos svogeren. Til saman blir det meir enn 100% stilling, men søke på ein jobb har han aldri gjort. 

– Det er flaks, trur eg. Veldig mykje flaks.

«Same det om ein er flink eller ikkje, berre ein har fagbrevet». Han har sett seg lei av alle krava til vitnemål, utdanning og fagbrev. 

– Eg hadde ikkje hatt sjans til å få jobb i byen. Men her på bygda er det litt større sjans iallfall. Det handlar eigentleg om å kjenner nokon som kjenner nokon.

Han skulle ønske arbeidsgjevarar kunne gjere litt meir som sjefen Jon Myhre på Vang bygg - sjå personen, ikkje berre papiret. 

Bygging bra, hundar best.

Det er ikkje berre bygging som gjev han påfyll av endorfinar. I byrjinga av tenåra flytta han i fosterheim og hamna i ein familie med god greie på hund og fart. Han vart fort biten av basillen og kjøpte eigne hundar med ein gong han fekk råd. På det meste har han hatt nesten førti. No er talet elleve - tre vaksne og åtte kvalpar som spring rundt beina på oss medan me pratar.

Han blir med eitt meir pratsom når me kjem inn på hund i staden for utdanning, og snakkar om Lars Monsen og Robert Sørlie som om det er ei sjølvfølgje at ein kjenner dei. 

Draumane, eller planane, er mange. Han vil ta eksamen, byrje som lærling og fullføre fagbrevet. Ein dag skal han drive for seg sjølv, få fridomen til å velje og styre og bestemme meir sjølv. Huset vil han kjøpe og byggje heilt om, han vil ha fleire hundar, sonen skal få søsken og ein dag skal han stå på toppen av pallen på Femundløpet.

Alt kostar pengar, mykje pengar. Men tvile gjer på at han skal satse gjer han ikkje. 

– Eg blir’kje millionær læll.