Småjobbar i hytte og hus

Småjobbar i hytte og hus

Legg att forespørsel her så får du tilbod frå 1-3 relevante, lokale og dyktige tilbydarar i løpet av to veker.

– Dette er tida for å leggje inn bestilling på smått og stort på hytta og eg håper flest mogleg blir med på denne kampanjen for å sikre arbeid til dei lokale fagfolka i Vang, fortel Øystein Vangsnes. 

Han er hytte-eigaren som drog i gang ein innsamlingsaksjon til lokale butikkar i påska og han ynskjer som mange andre fritidsbrukarar av Vang å bidra til utvikling av både området og lokale bedrifter. 

NB: Formidling av oppdrag tek sommarpause - gå i direkte kontakt med bedrifter for å avtale jobbar.

Registrer oppdraget her 

Dette er ein klassisk vinn-vinn-situasjon der vi både kan få fiksa det vi har tenkt på i lang tid og sikre at bedriftene vi er avhengige av som hytte-eigarar overlev denne krisa!

Eksempel på oppdrag 
  • Skifte ut dører og vindauge
  • Rehabilitere torvtak
  • Måling og beising
  • Trefelling og skogrydding
  • Generelt vedlikehald
  • Ved for neste vinter
  • Innreiing og interiør
  • Plassbygd kjøkken 
  • Grusing og helle-legging
  • Platting
  • Montere takstige
Nybygg og renovering

For større byggjeprosjekt oppfordrar vi til å gå i direkte kontakt  med eit eller fleire av handverksbedriftane i Vang. 

Fullstendig oversikt over bedrifter i Vang finn du her.

Du kan også sende forespørsel om oppdrag rett til hallgrim@vangivaldres.no som koordinerar opplegget.

Spel oss gode

Om du har innspel, idear, spørsmål eller annat på hjartet - ikkje nøl med å kontakte oss på høgre side her. Denne kampanjen er dratt i gang av Vangnsnes i tett samarbeid med oss i Innovangsjon SA.

Innovangsjon SA står bak nettsida vangivaldres.no. Vi arbeidar med næringsutvikling, møteplassar, bustader og blest etter visjonen Vang byggjer Vang. 

Saman for Vang

Øystein Vangsnes
Med hjarte for alt Tyin-Filefjell og Vang har å by på av natur, folk, tilbod og mat har hytteeigar Øystein Vangsnes engasjert seg for å skape omsetning og aktivitet hjå lokale bedrifter.

Send e-post

Dag Inge Bruflot
Med bakgrunn får internasjonalt næringsliv (Ikea, Acer) flytta Dag Inge Bruflot til Vang sumaren 2015 og byrja i jobben som næringsutviklar i Innovangsjon. Anten du driv næring i bygda, vurderer å starte opp noko eller berre treng ein å diskutere ideen din med, er Dag Inge mannen å kontakte. TLF: 958 73 757

Send e-post

Hallgrim Rogn
Med eit stort hjarte for Vang, Valdres og Bygde-Noreg jobbar Innovangsjonsminister Hallgrim Rogn kvar dag for å bidra til at Vang fungerar best mogleg på flest mogleg nivå. TLF: 412 22 769

Send e-post

#vangivaldres

Denne kampanjen er eit direkte resultat av koronasituasjonen og eit felles bidrag frå alle som brenn for Vang om å halde omsetning og aktivitet i gang for små og større bedrifter i Vang.