Frist utløpt

Vang frivilligsentral har ledig eit 2 årig prosjektstilling/vikariat i 50% stilling.

Det er ledig 50 % stilling ved Vang frivilligsentral, med tiltreding snarast. Stillinga er eit 2 årig prosjektstilling/vikariat. AlleMed er ein nasjonal dugnad mot fattigdom og utanforskap blant barn og unge, og AlleMed-koordinatoren skal ha fokus på inkludering av barn og unge gjennom arbeidsmetoden aktive saman og BUA, samt andre prosjekt og aktivitetar i eit tverrsektorielt samarbeid.

Vang frivilligsentral er samlokalisert med Vang folkebibliotek på Vangstunet, i sentrum av kommunen. Sentralen jobbar med ei rekke satsingsområder innan frivilligheit, kultur, mestring og læring, integrering, og sosiale møteplassar. Hovudmålet er å ‘Vere drivkraft for frivillig verksemd i Vang’, og visjonen er ‘Saman skapar vi eit godt og inkluderande lokalsamfunn’.

 

Arbeidsoppgåver

AlleMed-koordinatoren vil få ansvar for utstyrssentralen vår, BUA Vang. Ansvaret inneber å administrere den daglege drifta, marknadsføre tilbodet og skape aktivitetar med aktuelle målgrupper. BUA låner i hovudsak ut friluftsutstyr, og har pr i dag ope tysdagar og torsdagar kl 15-16.

I tillegg skal AlleMed-koordinatoren følgje opp arbeidsmetoden aktive saman som er satt i verk det siste året. Denne går ut på å koble frivillige opp mot barn og unge som ønskjer hjelp til å kunne delta i ein sjølvvalt fritidsaktivitet. Arbeidsmetoden baserer seg på fritidserklæringa, og AlleMed-koordinatoren skal jobbe for at denne skal vedtakast og etterlevast i Vang kommune. Det ligg til oppgåva å jobbe for å vidareføre gode strukturar på tvers av verksemder, etatar og sektorar for å fange opp dei som fell utanfor.

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Vinjerock søkjer partnar- og økonomisjef

Vinjerock
Søknadsfrist: 01. des 2022
Les mer om stillingen Vinjerock søkjer partnar- og økonomisjef

Medarbeider ved Vang legekontor

Vang kommune
Søknadsfrist: 14. des 2022
Les mer om stillingen Medarbeider ved Vang legekontor

Tilkallingsvikarar i barnehage 2022

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2022
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2022

Tilkallingsvikarer ved Miljøtenesta

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2022
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarer ved Miljøtenesta

Tilkallingsvikarar i barnehage 2022

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2022
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2022