Vang kommune har ledig 100 % vikariat som leiar for Vang læringssenter frå 01.08.21.
Vang læringssenter organisera og tilbyr undervising i norsk og samfunnskunnskap for vaksne. Læringssenteret gir tilbod om asylnorsk for asylsøkjarar som bur på mottaket i Vang, kurs for arbeidsinnvandrarar og andre innvandrarar som har rett til norskundervisning, samt introduksjonsordning for dei som er busette flyktningar i Vang kommune.
Læringssenteret tilbyr også opplæring spesielt organisert for vaksne etter Opplæringslova kap. 4A, grunnskule og spesialundervising. Under læringssenteret ligg også bufellesskapet for einslege mindreårige flyktningar, som Vang kommune etablerte i 2016.
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!