Det er ledig ca 22 % vikariat som assistent innan spesialundervisning ved Vaksenopplæringa etter Opplæringslova § 4A-2. Arbeidstid er per tid lagt til mandagar. Vikariatet er ledig frå skulestart tom 03.05.19, med moglegheit for forlenging.
Kvalifikasjonskrav
- Ynskjelig med relevant fagutdanning/fagbrev.
- Relevant arbeidserfaring kan vege opp for manglande formell kompetanse
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Gode samarbeidsevner
- Positiv innstilling og godt humør
- Personleg eignaheit vert vektlagt.
Me tilbyr
- Utfordrande og allsidige arbeidsoppgåver
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar og løn etter tariff.
- Kommunen har personalbustadar for leige
Tilsetjing skjer på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor. Vang kommune nyttar nynorsk som målform.
Nærare opplysningar om stilling får de ved å ta kontakt med rådgjevar Solveig Rønneberg på tlf. 61369421 eller etatsjef Tommy Stordal på tlf. 61369420.
Søknad og CV/attestar merka arkivsak nr. 18/474 sendast elektronisk via heimesida vår www.vang.kommune.no
Søknadsfrist: Søndag 5.august 2018
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!