- Teknisk drift bygg og veg
- Vatn og avløp
- Arealplan
- Byggesak
- Klima, miljø og naturforvaltning
- Jordbruk, skogbruk, vilt- og fiskeforvaltning
- Landmåling, kart og GIS
- Beredskap
Kommunen nyttar nynorsk som målform
Vang kommune er opptatt av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Søknad med CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk via heimesida vår
Vi gjer merksam på at søkarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.
Arbeidsoppgåver
- Byggesaksbehandling og behandling av tilhøyrande søknader
- Rettleiing av tiltakshavarar
- Førebu og leggje fram saker for politiske organ
- Føre tilsyn med føretak og tiltak
- Føring av bygningsinformasjon i kart og matrikkel
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning på høgskule- eller universitetsnivå
- Eventuelt relevant erfaring og utdanning som fagskoleingeniør
- Erfaring frå eller kjennskap til offentleg forvaltning
- God kjennskap til lov- og avtaleverk for arealforvaltning og byggesak, samt forureining
- Gode datakunnskapar, og det er ein fordel med kompenase innan geografiske informasjonssystem (GIS)
- Søkjar må har førarkort klasse B og kunne disponera bil
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar
- God gjennomføringsevne, serviceinnstilt og løsningsorientert
- Evne til å skape god dialog
- Evne til å sjå saker i samanheng
- Evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
- God framstillings- og formidlingsevne skriftleg og munnleg
Vi tilbyr
- En allsidig, krevjande og spennande jobb
- Moglegheit til å være med på å vidareutvikle ein spanande kommune
- Gode kollegaer, godt faglig og sosialt arbeidsmiljø
- Lønn etter kvalifikasjonar og etter kommunens løns- og stillingsregulativ
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Fleksibel arbeidstid
Kontakt
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!