Avdelingsleiar bufellesskap i miljøtenesta

Avdelingsleiar bufellesskap i miljøtenesta

100 % fast stilling frå 1. februar 2016. Turnus over 12 veker med 4 arbeidshelger i turnusperioden.
Arbeidsoppgåver
  • Personalansvar for tilsette i bufellesskapet, om lag 7 årsverk.
  • Fagansvar for tenestane.
  • Økonomiansvar for bufellesskapet.
Kvalifikasjonskrav
  • helse- og sosialfagleg utdanning
  • erfaring frå arbeid med menneske med nedsett funksjonevne og kjennskap til ulike metodar innan målretta miljøarbeid er viktig
  • utdanning i administrasjon og leiing
  • erfaring med fag -, og personalleiing, administrasjon
Me søkjer deg med gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, som kan jobbe sjølvstendig, er lojal, bryr deg om, viser respekt for og tek omsyn til andre menneske.
Er fagleg dyktig og engasjert, stabil, fleksibel og god på tverrfagleg samarbeid. 
Har gode norskkunnskapar (munnleg og skriftleg), gode datakunnskapar, førarkort og
helst disponerer bil.
Det er krav om politiattest til stillinga.
Vang kommune tilbyr utfordrande arbeidsoppgåver, løn etter tariff, god forsikrings- og pensjonsordning og hjelp til å skaffe bustad.

Ved intern tilsetjing blir ledige stillingar å tilby søkjarane.

Søknad merka aktuelt saksnummer blir å sende elektronisk til www.vang.kommune.no eller i vanleg post til Vang kommune, rådmannen, Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres innan 12. februar 2016.

OPNE ANNONSE