Vang kommune har frå 1.juni ledig 100 % fast stilling som avdelingsleiar ved ein av våre basar i IHT, Miljøtenesta.
Stillinga som avdelingsleiar er delt mellom administrativ tid og brukarretta arbeid i turnus ved Base Nord, bukollektiv Grindatun. Det ligg òg ansvar for nokre andre tenester inn under basen.
Avdelingsleiar er ein del av avdelingsleiargruppa i IHT, Miljøtenesta.
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!