Avløysar

Avløysar

Ellingbø og Thune samdrift held hus i Vang fellesfjøs som er det fyrste i sitt slag i Vang.

Fellesfjøset ligg i Vang sentrum med 50 mjølkekyr og 90 kalv/ungdyr. Her er både mjølkerobot, kontordel og gode rutinar på foring og anna arbeid som er ein del av fjøsstellet. 

Samdrifta ser no etter avløysar som kan gå inn i turnusen i ei 20 % fast stilling. 

  • Ein lyt ha erfaring frå stell av storfe, vera ansvarsbevisst, sjølvstendig og fleksibel.
  • Arbeidstaker lyt beherske norsk språk muntleg og skriftleg, samt grunnleggjande datakunnskap.
  • Lyt vera glad i dyr og ha erfaring med traktor/landbruksmaskiner.
  • Arbeidstakar bør disponere eigen bil, og ha førarkort for bil og traktor.
  • Vi kan tilby eit spanande og variert arbeid.

Vi syter for skikkeleg opplæring. Løn etter nærmare avtale og kvalifikasjonar.  

Boye O. Skøre svarar på spørsmål om jobben og tek i mot søknadar.

 boyeskor@bbnett.no // 91723542

Tilsetjing skjer fortløpande.