Frist utløpt

Vang kommune har ledig 100 % stilling som barne – og ungdomsbibliotekar/skulebibliotekar. 40 % av stillinga er fast, og 60 % vikariat til 31.08.17, men med moglegheit for forlenging.

Biblioteket er ein viktig og aktiv kulturinstitusjon i kommunen, og er samlokalisert med Vang frivilligsentral. Skulebiblioteket er ein filial under folkebiblioteket og ligg på Vang barne – og ungdomsskule, 1 km frå hovudbiblioteket.

Barne – og ungdomsbibliotekaren vil vere underlagt biblioteksjefen og skal i tett samarbeid med barnehage og grunnskule stimulere leselysta og legge til rette for gode litteraturopplevingar for barn og ungdom i kommunen.

Det inngår dagleg bibliotekarbeid og ei ettermiddagsvakt i veka i stillinga. Elles inngår også lokal organisering av Den kulturelle skulesekken, og tilrettelegging for gode kulturopplevingar for barn og ungdom.

Me søkjer etter ein medarbeidar som har;
- Minimum bachelorgrad i bibliotek – og informasjonsfag, eller tilsvarande utdanning.
- Kunnskap og interesse for barne – og ungdomslitteratur.
- Interesse for, og gjerne erfaring med formidling til barn og unge.
- Kompetanse i bruk av digitale verktøy
- Personlig egnaheit vil verte vektlagt.

Kommunen har personalbustadar til leige.

Meir informasjon om stillinga kan du få av biblioteksjef Åsta Brenna tlf: 61 36 94 27 eller skule – og kultursjef Jon Eggen tlf: 61 36 94 00.

Søknad med CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk via heimesida vår eller i vanleg post til Vang kommune, rådmannskontoret, Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres.

Merk søknad med arkivsak nr. 16/788

Søknadsfrist 15 oktober 2016

vang folkebibliotek.jpg

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Sommarvikar ved Vang folkebibliotek

Vang kommune
Søknadsfrist: 28. apr 2024
Les mer om stillingen Sommarvikar ved Vang folkebibliotek

Organist 60 % og trusopplærar 20 % (i mogleg kombinasjon)

Vang kyrkjeleg fellesråd
Søknadsfrist: 01. mai 2024
Les mer om stillingen Organist 60 % og trusopplærar 20 % (i mogleg kombinasjon)

Lærling Helsefagarbeidar - 2.gongs lysing

Vang kommune
Søknadsfrist: 02. mai 2024
Les mer om stillingen Lærling Helsefagarbeidar - 2.gongs lysing

Sjukepleiar 100 % fast stilling ved korttid og heimesjukepleia

Vang kommune
Søknadsfrist: 05. mai 2024
Les mer om stillingen Sjukepleiar 100 % fast stilling ved korttid og heimesjukepleia

Støttekontakt og avlastar ved Tilrettelagte tenester

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. mai 2024
Les mer om stillingen Støttekontakt og avlastar ved Tilrettelagte tenester

Tilkallingsvikarer i Tilrettelagte tenester

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. mai 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarer i Tilrettelagte tenester

Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Tilkallingsvikarar innan reinhald

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar innan reinhald

Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24