Barnehagelærar

Barnehagelærar (1)

Vang kommune har to ledige stillingar i barnehagane for barnehageåret 2017/18.

Vårt fokusområde i 2017/2018 er Gardsliv i Valdres.

Vi søkjer no etter:

Barnehagelærar i 100 % stilling ved Høre barnehage i perioda 15.08.17 tom 31.07.18 

Vi søkjer også etter:

Pedagogisk leiar i 60 % stilling ved Fredheim barnehage i perioda 15.08.17 tom 31.07.18

Me søkjer medarbeidarar som har:

  • Utdanning som barnehagelærar  
  • Gode samarbeidsevner
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Personlege eigenskapar og eignaheit for stillinga vil bli vektlagt

I likestillingsøyemed oppmoda me mannlege barnehagelærarar til å søkje.

Felles for stillingane:
  • Tilsetting skjer på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor.  
  • Løn etter tariff i hht hovudtariffavtala, gode pensjonsvilkår og forsikringsavtalar.

Spørsmål om stillingane kan rettast til barnehagestyrar Yvonne Solemsli tlf. 613 69 422. Søknad med CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk gjennom heimesida www.vang.kommune.no. Merk søknad med arkivsak nr. 17/617

Søknadsfrist søndag 09.juli 2017

OPNE ANNONSE