Frist utløpt

Vang kommune øvst i Valdres har komme i ein situasjon der eit større fjellparti ovanfor Vangsmjøsa står i fare for å skli ut. I verste fall kan dette kunne skape ein flodbølge som vil setje menneskjeliv i fare og øydeleggje bygningar, vegar og anna infrastruktur. I tillegg til dette er det auka fokus på beredskap i kommunane i samband med den sikkerheitspolitiske situasjonen i Europa. Kommunen sin posisjon som koordinator mellom lokale og regionale beredskapsaktørar er heilt sentral i dette arbeidet.

Vang kommune søker derfor etter ein beredskapskoordinator som kan revidere og utvikle planverket, samordne arbeidet mellom etatane i kommunen opp mot eksterne aktørar som Statsforvaltar, Politiet, NVE med fleir. Me søker etter ein fagleg kompetent medarbeidar med dei rette personlege eigenskapane til å koordinere dette arbeidet, i første omgang fram til 1. januar 2025. Beredskapskoordinatoren vil rapportere direkte til kommunedirektøren sin leiargruppe.

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Vinjerock søkjer partnar- og økonomisjef

Vinjerock
Søknadsfrist: 01. des 2022
Les mer om stillingen Vinjerock søkjer partnar- og økonomisjef

Medarbeider ved Vang legekontor

Vang kommune
Søknadsfrist: 14. des 2022
Les mer om stillingen Medarbeider ved Vang legekontor

Tilkallingsvikarar i barnehage 2022

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2022
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2022

Tilkallingsvikarer ved Miljøtenesta

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2022
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarer ved Miljøtenesta

Tilkallingsvikarar i barnehage 2022

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2022
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2022