Vang kommune i Valdres har ledig 45 % fast stilling som bibliotekmedarbeidar frå 01.08.22.
Vang folkebibliotek, som held til på Vangstunet i Vang sentrum, er ei avdeling i etat for utdanning og kultur og har ca. 1,5 årsverk. Folkebiblioteket har lyse og flotte lokale, og er ein viktig og aktiv kulturinstitusjon i kommunen.
Vang frivilligsentral er samlokalisert med biblioteket, og vi har eit tett samarbeid om m.a. arrangement. Biblioteket ynskjer å ha ei aktiv samfunnsrolle, og driv brei formidlingsaktivitet. Vi har godt samarbeid med ulike institusjonar, frivillige organisasjonar og har eit regionalt samarbeid med biblioteka i Valdres.
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!