Frist utløpt

Vang kommune har ledig 100 % fast stilling som biblioteksjef frå 01.08.20.

Vang folkebibliotek held til på Vangstunet i Vang sentrum, i lyse og flotte lokalar. Folkebiblioteket er ei avdeling i etat for oppvekst, kultur og integrering og har ca. 1,45 årsverk. 

Biblioteket ynskjer å ha ei aktiv samfunnsrolle, og driv brei formidlingsaktivitet. Me har godt samarbeid med ulike institusjonar, frivillige organisasjonar og har eit regionalt samarbeid med biblioteka i Valdres. Me søkjer ein biblioteksjef som kan utvikla biblioteket i tråd med samfunnet og brukarane sine behov. Du må vera interessert i nytenking når det gjeld litteratur- og kulturformidling, og biblioteket som møteplass og kunnskapsarena. Det er ynskjeleg at vår nye biblioteksjef tek ei aktiv formidlingsrolle, og har ei sterk interesse for barne- og ungdomslitteratur. Biblioteksjefen vil samarbeide tett med dagleg leiar av Vang frivilligsentral og skulebibliotekaren på Vang barne- og ungdomsskule. Arbeidstid i arbeidsplan som omfattar kveldsvakter og laurdagsvakter. Ein må også rekna med noko arbeid på kveld i samband med arrangement.

Biblioteksjefen er fagleg og administrativ leiar for avdelinga og rapporterer direkte til kommunalsjef for oppvekst, kultur og integrering.

Arbeidsoppgåver
  • Dagleg drift av biblioteket
  • Arrangement og marknadsføring
  • Personal- og budsjettansvar
  • Fagleg utvikling og prosjektleiing
  • Samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar
Kvalifikasjonar
  • Bachelor i bibliotek- og informasjonsvitskap
  • Ynskjeleg med leiarkompetanse og leiarerfaring, men ingen føresetnad
  • Gode IKT-kunnskapar
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
  • er kreativ og utettervend
  • er ein tydeleg leiar som er utviklings- og prosessorientert
  • er ein relasjonsbyggar
  • er sjølvstendig og løysingsorientert
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevnar
  • har evne til og interesse for tverrfagleg samarbeid
  • er strukturert og endringsvillig
  • Personlege eigenskapar og eignaheit for stillinga vil verte vektlagt.
Me tilbyr
  • Eit inkluderande arbeidsmiljø med kompetente tilsette
  • Deltaking i eit veletablert og dyktig leiarteam i etaten
  • Løn etter avtale og arbeidsvilkår etter gjeldande lov – og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Flyttegodtgjersle etter kommunalt reglement
  • Kommunen har personalbustadar for leige
  • Vang kommune nyttar nynorsk som målform.

Tilsetjing på ordinære vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor.

Kontaktinfo

Tommy-René Stordal
Etatsjef Oppvekst, kultur og integrering
61 36 94 20
tomsto@vang.kommune.no

Solveig Rønneberg
Etatsrådgjevar
61 36 94 21
solveig.ronneberg@vang.kommune.no

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Servitør Tyin-Filefjell

Tyin-Filefjell
Søknadsfrist: 31. mar 2024
Les mer om stillingen Servitør Tyin-Filefjell

Er du vår nye mangfaldssjef?

Vinjerock
Søknadsfrist: 01. apr 2024
Les mer om stillingen Er du vår nye mangfaldssjef?

Stiryddar i Vang kommune - Sommaren 2024

Vang kommune
Søknadsfrist: 01. apr 2024
Les mer om stillingen Stiryddar i Vang kommune - Sommaren 2024

Organist 60 % og trusopplærar 20 % (i mogleg kombinasjon)

Vang kyrkjeleg fellesråd
Søknadsfrist: 01. apr 2024
Les mer om stillingen Organist 60 % og trusopplærar 20 % (i mogleg kombinasjon)

Hotellvert (fulltid) - Sommerhotellet

Sommerhotellet
Søknadsfrist: 01. apr 2024
Les mer om stillingen Hotellvert (fulltid) - Sommerhotellet

Fjellkokk (fulltid) - Sommerhotellet

Sommerhotellet
Søknadsfrist: 01. apr 2024
Les mer om stillingen Fjellkokk (fulltid) - Sommerhotellet

Kjøkkensjef - Sommerhotellet

Sommerhotellet
Søknadsfrist: 01. apr 2024
Les mer om stillingen Kjøkkensjef - Sommerhotellet

Sjukepleiar/vernepleiar/miljøterapeut ved psykisk helseteneste - 50 % årsvikariat

Vang kommune
Søknadsfrist: 01. apr 2024
Les mer om stillingen Sjukepleiar/vernepleiar/miljøterapeut ved psykisk helseteneste - 50 % årsvikariat

Superressurs i barnehage 2024!

Vang kommune
Søknadsfrist: 03. apr 2024
Les mer om stillingen Superressurs i barnehage 2024!

Fagarbeidar i Høre barnehage - 100 % fast stilling

Vang kommune
Søknadsfrist: 03. apr 2024
Les mer om stillingen Fagarbeidar i Høre barnehage - 100 % fast stilling

Pedagogiske leiarar i barnehage - med rekrutteringstiltak!

Vang kommune
Søknadsfrist: 03. apr 2024
Les mer om stillingen Pedagogiske leiarar i barnehage - med rekrutteringstiltak!

Fagarbeidar i barnehage

Vang kommune
Søknadsfrist: 03. apr 2024
Les mer om stillingen Fagarbeidar i barnehage

Lærarar og spesialpedagogar ved Vang barne- og ungdomsskule

Vang kommune
Søknadsfrist: 03. apr 2024
Les mer om stillingen Lærarar og spesialpedagogar ved Vang barne- og ungdomsskule

Fagarbeidarar ved Vang barne - og ungdomsskule

Vang kommune
Søknadsfrist: 03. apr 2024
Les mer om stillingen Fagarbeidarar ved Vang barne - og ungdomsskule

Bibliotekar/bibliotekarmedarbeidar - 100 % fast stilling

Vang folkebibliotek
Søknadsfrist: 07. apr 2024
Les mer om stillingen Bibliotekar/bibliotekarmedarbeidar - 100 % fast stilling

Renholdere (deltid) - Sommerhotellet

Sommerhotellet
Søknadsfrist: 15. apr 2024
Les mer om stillingen Renholdere (deltid) - Sommerhotellet

Servitører (deltid & tilkalling) - Sommerhotellet

Sommerhotellet
Søknadsfrist: 15. apr 2024
Les mer om stillingen Servitører (deltid & tilkalling) - Sommerhotellet

Hero Norge søker informasjonskonsulent til asylmottak i Vang

Vang Mottakssenter
Søknadsfrist: 18. apr 2024
Les mer om stillingen Hero Norge søker informasjonskonsulent til asylmottak i Vang

Støttekontakt og avlastar ved Tilrettelagte tenester

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. mai 2024
Les mer om stillingen Støttekontakt og avlastar ved Tilrettelagte tenester

Tilkallingsvikarer i Tilrettelagte tenester

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. mai 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarer i Tilrettelagte tenester

Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Tilkallingsvikarar innan reinhald

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar innan reinhald

Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24