Butikkmedarbeidar og kontorsjef

Butikkmedarbeidar og kontorsjef

Elektrisk installasjon AS har sidan 1978 montert elektriske anlegg i privathus, driftsbygningar, næringsbygg og hytter i Vang og nabokommunane. Mange oppdrag og opning av butikk i Vang sentrum gjer at bedrifta no er i posisjon for å tilsette ein butikkmedarbeidar og kontorsjef i 100 % fast stilling.


Arbeidsoppgåver
  • Fakturering
  • Bemanning av butikk i Vang sentrum
  • Rekneskap
  • Lønnskjøring
  • Dokumenthandtering
  • Anna kontorarbeid

Kvalifikasjonar
  • Strukturert og sjølvstendig med god ordenssans
  • Serviceinnstilt ovanfor kunder
  • Gode datakunnskaper
  • God med tal og rekneskap
  • Gjerne erfaring med Visma eller andre rekneskapsprogram
  • Elles ingen formelle krav

Vi tilbyr
  • 100% stilling
  • Eige kontor
  • Løn etter avtale
  • Hjelp med å finne bustad

For spørsmål kring stillinga, kontakt dagleg leiar Kjell Arne Dalåker tlf: 416 09 478 // installasjon@start.no

Søknaden sender du til installasjon@start.no

Søknadar vert handsama fortløpande. Siste frist 12. februar.