Frist utløpt

Kontorfellesskapet 1724 SA er eit samvirkebasert kontorfellesskap som er eigd av leigetakarane sine, med base på Vangstunet i downtown Vang. Me er på jakt etter ein dagleg leiar som både kan halde huset i gang og ta eit ansvar for vidareutviklinga av 1724-miljøet, som ei viktig klynge for kreative og teknologibaserte næringar i Vang.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Administrativt arbeid, herunder blant anna:
  • Oppfølging av husets økonomi og rekneskap
  • Oppfølging av avtaler med leigetakarar og huseigar
  • Sekretærfunksjon for kontorfellesskapets styre

 

  • Ansvar for den daglege drifta av kontorfellesskapet, herunder koordinering av:
  • Innkjøp og oppfølging av ulike driftsavtaler og abonnement
  • Praktisk tilrettelegging for gamle og nye leigetakarar
  • Reinhald og vedlikehald

 

  • Vertskap og lagbygging, herunder blant anna:
  • Koordinering av felleslunsjar og andre sosiale og faglege arrangement
  • Vertsrolle ved besøk til 1724
  • Representasjon av 1724 utad

 

Ynskjelege tilleggsoppgåver:

  • Me ynskjer oss ideelt sett ein dagleg leiar som også kan ta ei aktiv rolle for å vidareutvikle kontorfellesskapet inn i framtida, herunder også koordinering av den pågåande prosessen med utgreiing av et framtidig nybygg for kontorfellesskapet


Omfang og vilkår:

  • Storleiken på stillinga avhengjer av ambisjonsnivå og omfanget av oppgåver den daglege leiaren kan påta seg, men estimert til 20-40%
  • Honorar etter avtale og stillingas omfang
  • Oppstart etter avtale, men gjerne så snøgt som råd
  • Ideelt sett ynskjer styret at den som får oppdraget driv eiga verksemd og fakturerer 1724 for arbeidet, men dette er ingen absolutt føresetnad
  • For kandidatar som ynskjer å kombinere stillinga med oppstart/flytting av eigen verksemd kan 1724 tilby gratis kontorplass i oppstartsfasen etter nærmare avtale

Harde fakta:
Søknadsfrist: 10. juni 2022
Kortfatta søknad med CV kan sendast per e-post til post@1724.no
For spørsmål, ta kontakt med styreleiar Sigrid 

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Vinjerock søkjer partnar- og økonomisjef

Vinjerock
Søknadsfrist: 01. des 2022
Les mer om stillingen Vinjerock søkjer partnar- og økonomisjef

Medarbeider ved Vang legekontor

Vang kommune
Søknadsfrist: 14. des 2022
Les mer om stillingen Medarbeider ved Vang legekontor

Tilkallingsvikarar i barnehage 2022

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2022
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2022

Tilkallingsvikarer ved Miljøtenesta

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2022
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarer ved Miljøtenesta

Tilkallingsvikarar i barnehage 2022

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2022
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2022