Frist utløpt

KULTURSKULELÆRAR - DIRIGENT Arkivsak 19/726

Vang kommune har ledig fast stilling som kulturskulelærar i Vang kulturskule

Fjellblom Musikklag er vaksenkorpset i Vang kommune, og består pt. av 23 musikantar. Korpset har brassband besetning og har sin faste øvingsdag onsdagar frå kl. 19.00 – 21.30 på Åsvang samfunnshus.

Fjellblom Musikklag er ein positiv og sosial gjeng, og er ein viktig aktør i kommunen sitt kulturliv. Gjennom året har korpset fleire konsertar og arrangement som dei deltek på.

Musikklaget søkjer no etter ein engasjert og dyktig korpsdirigent som kan løfte korpset vidare både musikalsk og sosialt.

Kulturskulelærar i 15,39% stilling som musikalsk leiar og dirigent i Fjellblom Musikklag, med tiltreding frå 01.01.20.

Kvalifikasjonar 
  • Musikkfagleg utdanning, gjerne innan korpsdireksjon. Relevant dirigenterfaring/praksis kan kompensere for utdanningskravet
  • Gode evner på sitt hovudinstrument, behersker messinginstrument
  • Kompetanse til å tilpasse stemmer, og tilpasse arrangement ved behov
  • Gode norskkunnskapar munnleg
Me ser etter deg som
  • Er ein relasjonsbyggar med evne til å inspirere og løfte medlemmane
  • Har gode pedagogiske evner og kan reflektere rundt eigen praksis
  • Er engasjert, tydeleg og målretta
  • Er sjølvstendig og løysingsorientert
  • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Er strukturert og endringsvillig
  • Vil bidra aktivt i korpsets utviklingsarbeid
Me tilbyr
  • Eit inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte og positive musikantar
  • Løn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov – og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Kommunen har personalbustadar for leige

Vang kommune nyttar nynorsk som målform.

Personlege eigenskapar og eignaheit for stillinga vil verte vektlagt.


Spørsmål og meir informasjon om korpset kan rettast til leiar i Fjellblom Musikklag, Jon Eggen på tlf: 901 86 731, eventuelt på e-post: eggenj@online.no.
Spørsmål kring tilsettinga i Vang kulturskule, kan rettast til kulturskulerektor Oddbjørn Skeie på tlf. 61 36 94 23 – 950 76 539, eventuelt på e-post: oddbjorn.skeie@vang.kommune.no

Tilsetjing på ordinære vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor.

Søknad med CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk gjennom heimesida www.vang.kommune.no. Merk søknad med arkivsak nr. 19/726

Søknadsfrist: Søndag 3.november 2019

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Helsesjukepleiar - 100 % vikariat

Vang kommune
Søknadsfrist: 21. apr 2024
Les mer om stillingen Helsesjukepleiar - 100 % vikariat

Sommarvikar ved Vang folkebibliotek

Vang kommune
Søknadsfrist: 28. apr 2024
Les mer om stillingen Sommarvikar ved Vang folkebibliotek

Organist 60 % og trusopplærar 20 % (i mogleg kombinasjon)

Vang kyrkjeleg fellesråd
Søknadsfrist: 01. mai 2024
Les mer om stillingen Organist 60 % og trusopplærar 20 % (i mogleg kombinasjon)

Lærling Helsefagarbeidar - 2.gongs lysing

Vang kommune
Søknadsfrist: 02. mai 2024
Les mer om stillingen Lærling Helsefagarbeidar - 2.gongs lysing

Sjukepleiar 100 % fast stilling ved korttid og heimesjukepleia

Vang kommune
Søknadsfrist: 05. mai 2024
Les mer om stillingen Sjukepleiar 100 % fast stilling ved korttid og heimesjukepleia

Støttekontakt og avlastar ved Tilrettelagte tenester

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. mai 2024
Les mer om stillingen Støttekontakt og avlastar ved Tilrettelagte tenester

Tilkallingsvikarer i Tilrettelagte tenester

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. mai 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarer i Tilrettelagte tenester

Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Tilkallingsvikarar innan reinhald

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar innan reinhald

Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24