Frist utløpt

Vang kommune har ledig inntil 4 fulltidsstillingar og inntil 200 % vikariat som fagarbeidar for barnehageåret 22/23. Vikariata er fordelt mellom fulltidstilling, 60 % vikariat og 2 x 20 % vikariat.

Stillingane er fordelt etter dei ulike behova i Fredheim og Høre barnehage, i ei felles utlysing. Me søkjer etter gode fagarbeidarar som brenn for barna si læring og trivsel! Satsingsområdet for barnehagane er "SmartOppvekst" med tankesett som bygger gode eigenskapar, styrker og livsmeistring.

Fredheim barnehage
Fredheim barnehage er sentrumsbarnehagen med gangavstand til biblioteket, kommunehuset, skulen og fleirbrukshallen.
Bygget inneheld to avdelingar. Stor avdeling, Grindagjengen, med plass til 25 barn i alderen 4-6 år, og Hugagløtten som er minste avdeling, med plass til 18 barn i alderen 1-3 år.
I Vang er det naturleg å vera mykje ute i vår vakre natur. Fredheim barnehage har faste utedagar i veka, og turdagane går til naturskjønne områder i nærleiken av barnehagen. Søvelbua er turmål nr. 1 største delen av året. Elles er det turar for dei største barna både til Fugleberg, langs Kongevegen og til Krøsshaug.

Høre barnehage
Høre barnehage ligg flott til i naturskjønne omgjevnadar mellom fjell og skog, og er barnehagen som ligg lengst sør i Vang kommune. Barnehagen er en to-avdelings barnehage på tilsaman 355 m², med eigen gymsal og stort uteområde.
Høre barnehage er fordelt over 3 etasjar, med personalavdeling på toppen, storbarnsavdeling i midten, og småbarnsavdeling i kjellaren.
I Høre barnehage er personalet opptatt av at alle skal ha det bra, og at leik og læring skal vere i fokus. Barnehagen brukar nærmiljøet sitt aktivt, og er mykje på tur i skogen ved gapahuken og i bygda.
Elles trives barnehagen godt på det store uteområdet. På kalde dagar nyttast gjerne tida i gymsalen eller på avdelinga.

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Vinjerock søkjer partnar- og økonomisjef

Vinjerock
Søknadsfrist: 01. des 2022
Les mer om stillingen Vinjerock søkjer partnar- og økonomisjef

Medarbeider ved Vang legekontor

Vang kommune
Søknadsfrist: 14. des 2022
Les mer om stillingen Medarbeider ved Vang legekontor

Tilkallingsvikarar i barnehage 2022

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2022
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2022

Tilkallingsvikarer ved Miljøtenesta

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2022
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarer ved Miljøtenesta

Tilkallingsvikarar i barnehage 2022

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2022
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2022