Frist utløpt

Fredheim barnehage har ledig 100 % fast stilling og 100 % vikariat som fagarbeidar. 

Me søkjer etter gode fagarbeidarar som brenn for barna si læring og trivsel! Satsingsområdet for barnehagane er "SmartOppvekst" med tankesett som bygger gode eigenskapar, styrkar og livsmeistring. 

Fredheim barnehage

Fredheim barnehage er ein sentrumsbarnehage med gangavstand til biblioteket, kommunehuset, skulen og fleirbrukshallen.
Bygget inneheld to avdelingar. Stor avdeling, Grindagjengen, med plass til 32 barn i alderen 4-6 år, og Hugagløtten som er minste avdeling, med plass til 20 barn i alderen 1-3 år. I Vang er det naturleg å vera mykje ute i vår vakre natur. I Fredheim har vi faste utedagar for kvart årskull på stor avdeling, og på minste avdeling ein felles utedag i veka for 1-3 år. Utedagane går til naturskjønne område i nærleiken av barnehagen, aktivitetsparken ved kommunehuset, Søvelbua, turar langs kongevegen mm.

 

Arbeidsoppgåver

  • Delta aktivt i leik og aktivitetar
  • Medansvar for omsorg og pedagogisk arbeid i barnehagen, blant anna aktivitetar, samlingsstund og leik
  • Medansvar for at dei praktiske arbeidsoppgåvene vert gjennomført i samarbeid med øvrig personale

Kvalifikasjonar

  • Fortrinnsvis barne -  og ungdomsarbeidar, men andre med relevant fagutdanning/fagbrev oppmodast også til å søkje
  • Andre utan fagbrev, men med anna relevant utdanning/erfaring kan også søkje
  • Fortrinnsvis med erfaring frå liknande arbeid/ arbeid med barn
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som

  • som er varm, raus, set borna først og ser læring i leik
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevnar
  • er opptatt av å skape gode relasjonar til barna, foreldre og kollegaer
  • er strukturert og endringsvillig

Personlege eigenskapar og eignaheit for stillinga vil verte vektlagt.

Godkjent politiattest skal leverast ved tilsetjing

Vi tilbyr

  • Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø med høgt fagleg fokus
  • Løn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov – og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Tilsetjing på ordinære vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Tilkallingsvikarar innan reinhald

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar innan reinhald

Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24