Fagarbeidar i miljøtenesta

Fagarbeidar i miljøtenesta

Vang kommune søkjer ein person til 58,37 % fast stilling for fagarbeidar i miljøtenesta (helsefagarbeidar eller barne – og ungdomsarbeidar). Deler av stillinga er på barneavlastning.

Me søkjer medarbeidarar som har:
- Norsk autorisasjon
- Evne til å arbeide sjølvstendig
- Gode samarbeidsevner
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
- Relevant praksis
- Førarkort, og kan disponera eigen bil v/behov
- Kunnskap om bruk av IKT som verktøy
- Snarleg tiltreding vil vere ynskjelig
- Personlige eigenskapar og eignaheit for stillinga vil verte vektlagt

Felles for stillingane:
- Tilsetting skjer på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor.
- Løn etter tariff i hht hovudtariffavtala, gode pensjonsvilkår og forsikringsavtalar.
- Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad.

Meir informasjon om stillingane kan du få ved å vende deg til aktuell avdeling.
Langtid: Joanke tlf. 61 36 95 34
Korttid/heimetenesta: Veronica tlf. 61 36 95 40
Miljøtenesta: Elisabeth tlf. 61 36 95 50 

Me tek atterhald om at fast tilsette med rettar etter HTA § 2.3 har førerett til utviding av stilling. Ved intern tilsetjing blir eventuelle andre ledige stillingar å tilby søkjarane.

Søknad med CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk gjennom heimesida vår www.vang.kommune.no eller i vanleg post til Vang kommune, rådmannskontoret, Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres.

Søknad skal merkast med arkivsak nr 16/843
Søknadsfrist 23.oktober 2016

OPNE ANNONSE