Vang barne – og ungdomsskule har eit ledig vikariat som barne – og ungdomsarbeidar for skuleåret 2018-19. Stillinga er på 89 % og fylgjer skuleåret (lønsprosent 79,2).
Arbeidsoppgåver vil hovudsakleg vere oppfølging av enkeltelev med nedsett funksjonsevne. Oppfølging av andre elevar og arbeid på SFO kan også bli tillagt stillinga.
Me søkjer deg som er ein tydeleg og trygg vaksen, og som er god til å byggje relasjonar med born og vaksne. Du må like å arbeide med ungar og å involvere deg aktivt i deira kvardag.
Spørsmål om stillinga kan rettast til rektor Tor Nordaas på telefon: 61 36 94 31 / 470 87 727.
Søknad med CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk gjennom heimesida www.vang.kommune.no. Merk søknad med arkivsak nr. 18/466.
Søknadsfrist: Søndag 29.juli 2018