Frist utløpt

Elevane våre fortener dei beste fagarbeidarane. Me søkjer etter fagleg sterke og engasjerte fagarbeidarar som brenn for elevane si læring og trivsel!

 Vang kommune har frå 01.08.19 ledig følgjande stillingar for barne- og ungdomsarbeidarar i grunnskulen:

  • ein 36% fast stilling
  • eit 100% vikariat for skuleåret 2019/2020

Vang barne- og ungdomsskule er ein kombinert barne- og ungdomsskule, med klassetrinn frå 1. - 10. klasse. Skulen er fulldelt og har omlag 204 elevar. Skulen har SMART-oppvekst som satsingsområde, og er godt i gang med implementering av ny læreplan. Skulen framstår som ny og moderne med flotte fasilitetar etter ei omfattande ombygging og påbygging i perioden 2014 - 2016. 

Me ser etter fagarbeidarar som
  • har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Anna relevant kompetanse kan verte vurdert
  • er i stand til å skape positive relasjonar til elevar, foreldre og kollegaer
  • er innstilt på å medverke postitivt i skulen sitt utviklingsarbeid
  • er innstilt på å medverke til eit godt skulemiljø
  • har god IKT-kompetanse

Personlege eigenskapar vil verte vektlagt.

Me tilbyr
  • eit profesjonelt læringsfellesskap kor samarbeid står i sentrum
  • tilhøyrsle i eit inspirerande, positivt og utviklande lærarteam
  • faglege utfordringar og utviklingsmoglegheiter
  • løn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • gode pensjons- og forsikringsordningar

Kommunen har personalbustader for leige.

Vang kommune nyttar nynorsk som målform.

Spørsmål ved stillingane kan rettast til rektor: Tor Nordaas. Tlf: 61 36 94 31 / 470 87 727

Tilsetjing på ordinære vilkår som til einkvar tid gjeld i kommunal sektor. Me tek atterhald om at fast tilsette med rettar etter HTA §2.3 har fortrinnsrett til utviding av stilling.

Ved tilsetjing må ein legge fram gyldig politiattest.

Søknad med CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk gjennom heimesida www.vang.kommune.no Søknad skal merkast med arkivsak nr. 19/218

Søknadsfrist: 17.april 2019

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Sommarvikar ved Vang folkebibliotek

Vang kommune
Søknadsfrist: 28. apr 2024
Les mer om stillingen Sommarvikar ved Vang folkebibliotek

Organist 60 % og trusopplærar 20 % (i mogleg kombinasjon)

Vang kyrkjeleg fellesråd
Søknadsfrist: 01. mai 2024
Les mer om stillingen Organist 60 % og trusopplærar 20 % (i mogleg kombinasjon)

Lærling Helsefagarbeidar - 2.gongs lysing

Vang kommune
Søknadsfrist: 02. mai 2024
Les mer om stillingen Lærling Helsefagarbeidar - 2.gongs lysing

Sjukepleiar 100 % fast stilling ved korttid og heimesjukepleia

Vang kommune
Søknadsfrist: 05. mai 2024
Les mer om stillingen Sjukepleiar 100 % fast stilling ved korttid og heimesjukepleia

Støttekontakt og avlastar ved Tilrettelagte tenester

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. mai 2024
Les mer om stillingen Støttekontakt og avlastar ved Tilrettelagte tenester

Tilkallingsvikarer i Tilrettelagte tenester

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. mai 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarer i Tilrettelagte tenester

Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Tilkallingsvikarar innan reinhald

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar innan reinhald

Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24