Psykisk helseteneste er eit helsetilbod retta mot menneske med utfordrande livssituasjonar; livskriser, psykiske lidingar og konsekvensar av dette hjå den enkelte, deira familie og nettverk. Tilbodet består av samtaler individuelt og i grupper, heimebesøk, informasjon og rettleiing. Det er utstrakt samarbeid med andre tenester, internt og eksternt. Tenesten er samlokalisert med helsesjukepleiartenesta, friskliv, legekontor og fysioterapeut og kommunepsykologen i Øvre Valdres.
Me er på jakt etter ein engasjert medarbeidar, som likar utfordringar. Saman med kollegaer vil du vera med på spennande og varierte oppgåver, utvikle tenesten og kunne fremje folkehelse i form av førebyggjande arbeid. Fagleg utvikling står i fokus.
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!