Frist utløpt

Vang kommune har ledig vikariat / svangerskapsvikariat for fastlege i inntil 100% stilling frå 1. september 2022 t.o.m 31.8.2023.

Stillinga har kommunale oppgåver.

 

Arbeidsoppgåver

Til stillinga ligg kurativ teneste med listeansvar for inntil 550 pasientar. Til stillinga ligg ansvar som helsestasjons- og skulelege, samt sjukeheimslege og oppgåver for kommuneoverlege. Legekontoret har moderne og velutstyrte lokale i Vang sentrum, med erfarne og stabile medarbeiarar. All helseteneste utanom pleie- og omsorg er lokalisert i same bygning med gode samarbeidstilhøve. Det er 2,8 stillingar / heimlar for fastlege. Kommunen har omlag 1600 innbyggjarar og asylmottak/akuttinnkvartering med inntil 120 plassar.

I stillinga inngår det 18-delt tilstedevakt i interkommunal legevaktsentral, lokalisert ved Valdres lokalmedisinske senter på Fagernes.

Vikariatet er samansett av permisjonsvikariat og svangerskapsvikariat. Ta kontakt for nærare informasjon om dette.

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Vinjerock søkjer partnar- og økonomisjef

Vinjerock
Søknadsfrist: 01. des 2022
Les mer om stillingen Vinjerock søkjer partnar- og økonomisjef

Medarbeider ved Vang legekontor

Vang kommune
Søknadsfrist: 14. des 2022
Les mer om stillingen Medarbeider ved Vang legekontor

Tilkallingsvikarar i barnehage 2022

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2022
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2022

Tilkallingsvikarer ved Miljøtenesta

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2022
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarer ved Miljøtenesta

Tilkallingsvikarar i barnehage 2022

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2022
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2022