Fjellførere/guider

Fjellførere/guider

Tyin aktiv er eit guideselskap med base i Tyin–Filefjellområdet i Vang kommune sør i Jotunheimen. Uranostinden og Falketind står for brorparten av trafikken gjennom sumarsesongen, men heile Tyin–Filefjell og Jotunheimen er arbeidsområde.

Tyin aktiv samarbeider tett med overnattingsbedrifter i området og står for mykje av turprogrammet under Vinjerock i juli kvar sumar.

Etter ein særs god sumarsesong 2015 ynskjer vi no å rekruttere fleire fjellførarar til årets sesong. Vi ser både etter deg som vil ha fast lønn og arbeid gjennom heile sumaren, og deg som kan tenkje deg nokre intensive arbeidsveker til fjells. Om alt fungerer godt kan det verta aktuelt med heilårsarbeid for Tyin aktiv. Toppturar, skredkurs og kitekurs er noko av det vi driv med gjennom vinteren.

Tyin aktiv er ein del av selskapet Tyin–Filefjell utvikling som jobbar med drift og utvikling av destinasjonen Tyin–Filefjell.

 

Vi ser etter
  • Relevant utdanning eller erfaring

  • Omgjengelege folk som leverer triveleg og trygg tur til våre kundar
  • 
Førarkort klasse B

  • Muntleg formidlingsevne på norsk
Vi tilbyr
  • Jotunheimen som arbeidsplass

  • Eit kollegium av fjellfolk

  • Lønn etter avtale

For spørsmål kring arbeidet kontakt sjef i Tyin Aktiv, Magne Grihamar.

Magne@tyinfilefjell.no // 90597064

Enkel søknad og CV sender du same stad.

Søknadar vert vurdert fortløpande med siste frist 12. februar.

 

OPNE ANNONSE