Frist utløpt

Vang kommune har ledig 40 % fast stilling som frisklivsrettleiar frå 01.01.20. Me søkjer ein initiativrik person som kan inspirere andre til livsstilsendring for betre helse.

Stillinga ligg til helseavdelinga ved Etat for Helse – og omsorg, og er underlagt leiande helsesjukepleiar. Frisklivssentralen er ein kommunal førebyggjande helseteneste og tilbyr hjelp til endring og meistring av levevanar, og har lokale på Vangstunet.

Ved relevant utdanning/erfaring kan stillinga eventuelt kombinerast med andre kommunale stillingar. 

Arbeidsoppgåver
  • Direkte pasientretta arbeid med enkeltpersonar eller grupper
  • Gi strukturert oppfylging primært gjennom helsesamtale, tilbod om fysisk aktivitet, kosthaldsendring og snus – og røykeslutt.
  • Gjennomføre motivasjonssamtalar med brukarar og rettleie desse til aktivitet som høver til den enkelte.
  • Arbeide med brukarar som er henvist frå lege, anna helsepersonell eller NAV.
  • Samarbeide med folkehelsekoordinator, lag, foreiningar, med kommunal sektor og Oppland fylkeskommune. Frisklivsrettleiar deltar også i samarbeidet; Forum for folkehelse i Valdres.
  • Prosjektarbeid – søke midlar og gjennomføre/delta i ulike prosjekt
Kvalifikasjonar
  • Minimum 3 års relevant høgskuleutdanning, fortrinnsvis innan helse eller idrettspedagogikk
  • Gjerne relevant tilleggsutdanning til dømes ernæring, diabetes, motiverande samtalar m.m
  • Gode samarbeidsevner
  • Flink til å ta initiativ og inspirere andre
  • Må kunne gjere seg godt forstått på norsk, både munnleg og skriftleg
Vi tilbyr
  • Ei spanande og sjølvstendig stilling
  • Eit inkluderande arbeidsmiljø med gode kollegar
  • Løn etter tariff, og arbeidsvilkår etter gjeldande lov – og avtaleverk
  • Gode pensjons – og forsikringsordningar
  • Kommunen har personalbustadar for leige
  • Tilsetjing på ordinære vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor

Ber om at søkjar fyller inn utdanning og erfaring i søkjarmodulen saman med søknaden, og legg ved vitnemål og attestar.

Søknadsfrist: Søndag 17.november 2019

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Sommarvikar ved Vang folkebibliotek

Vang kommune
Søknadsfrist: 28. apr 2024
Les mer om stillingen Sommarvikar ved Vang folkebibliotek

Organist 60 % og trusopplærar 20 % (i mogleg kombinasjon)

Vang kyrkjeleg fellesråd
Søknadsfrist: 01. mai 2024
Les mer om stillingen Organist 60 % og trusopplærar 20 % (i mogleg kombinasjon)

Lærling Helsefagarbeidar - 2.gongs lysing

Vang kommune
Søknadsfrist: 02. mai 2024
Les mer om stillingen Lærling Helsefagarbeidar - 2.gongs lysing

Sjukepleiar 100 % fast stilling ved korttid og heimesjukepleia

Vang kommune
Søknadsfrist: 05. mai 2024
Les mer om stillingen Sjukepleiar 100 % fast stilling ved korttid og heimesjukepleia

Støttekontakt og avlastar ved Tilrettelagte tenester

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. mai 2024
Les mer om stillingen Støttekontakt og avlastar ved Tilrettelagte tenester

Tilkallingsvikarer i Tilrettelagte tenester

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. mai 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarer i Tilrettelagte tenester

Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Tilkallingsvikarar innan reinhald

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar innan reinhald

Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24