Frist utløpt

Valdres-GIS-samarbeid (VGIS) er eit interkommunalt kartsamarbeid mellom dei seks Valdreskommunane Etnedal, Nord-Aurdal, Sør-Aurdal, Vestre Slidre, Øystre Slidre og Vang. Samarbeidet har felles programvare, kartdatabaser og internettkart. Samarbeidet har frå før ein fast tilsett GIS-konsulent i 100% stilling. Vi søkjer no etter ein konsulent til, i eit 2-årig engasjement. 

VGIS har i løpet av 2023 innført nye kartsystem for forvaltning av kartdata. Det er ynskeleg å styrke bemanninga i samarbeidet for å blant anna å konfigurere og tilpasse innhald og bruk av dei nye programvareløysingane slik at dei blir gode, effektive verktøy for kommunane.
Forvaltningsprogramvara er Gisline med tilhøyrende modular levert av Norkart AS. Webkart- og presentasjonsverktøy er Origo levert av Geodata AS (dette tett integrert med ArcGIS Online).

I tillegg til arbeid med ny programvare vil det også vere aktuelt å arbeide med kvalitetsheving og innhald i kommunale kartdatabasar for plan-, grunnkart og Matrikkel.

Mykje av arbeidet vil krevja samarbeid med fagavdelingane innan plan, byggjesak, oppmåling, VA/kommunalteknikk og landbruk i dei ulike kommunane. Stillinga legg opp til mykje sjølvstendig arbeid

Den faste GIS-konsulent i samarbeidet vil ha fagleg ansvar og oppfylging av engasjementet. Formelt vil stillinga høyre til i Vang kommune, som er vertskommune for VGIS-samarbeidet. Kontorstad er i utgangspunktet Vang, men det vil vere mogleg med kontor i ei av dei andre kommunane i samarbeidet. Reising til og arbeid i kommunane i samarbeidet må uansett påreknas.

 

Arbeidsoppgåver

  • Konfigurering og tilpassing av webkart/webtenester
  • Oppfølging av forvaltningsprogamvare (Gisline) og brukarar av desse
  • Kvalitetsheving av kommunale plandatabaser og planregister
  • Kvalitetsheving for matrikkel og grunnkart i regionen
  • Andre oppgåver kan bli tildelt avhengig av kompetanse/erfaring

Kvalifikasjonar

  • Ynskjeleg med relevant høgare utdanning, men god GIS kompetanse kan vege opp for manglande utdanning
  • GIS-kompetanse eller anna relevant erfaring
  • God IT forståing og erfaring
  • Kjennskap til digitale arealplanar er ein fordel
  • Førarkort klasse B og disponere eigen bil
  • Må like å jobbe sjølvstendig og detaljorientert
  • Må vere lære- og samarbeidsvillig
  • Gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Ein spennande og givande jobb
  • Variert arbeid i eit positivt miljø 
  • Tverrfaglig miljø og gode interkommunale nettverksgrupper
  • Løn etter kvalifikasjonar og etter kommunens regulativ
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Tilsetting skjer på vilkår som til ei kvar tid gjeld i kommunal sektor
  • Køyregodtgjering

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Utdanningsstipend - Studerer du sjukepleie, vernepleie eller barnehagelærar?

Vang kommune
Søknadsfrist: 03. des 2023
Les mer om stillingen Utdanningsstipend - Studerer du sjukepleie, vernepleie eller barnehagelærar?

Helgestillingar ved VHT - Helsefagarbeidar eller assistent

Vang kommune
Søknadsfrist: 20. des 2023
Les mer om stillingen Helgestillingar ved VHT - Helsefagarbeidar eller assistent

Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2023
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2023
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24

Tilkallingsvikarar innan reinhald

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2023
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar innan reinhald