Helsefagarbeidar (fem ulike stillingar)

Helsefagarbeidar (fem ulike stillingar)

Vang kommune har fleire ledig stillingar for helsefagarbeidarar.

Helsefagarbeidar / assistent 19,25 % helgestilling. Fast stilling.
  • Evt student/elev over 18 år i relevant utdanningsløp.
  • Arbeid laurdag og søndag annankvar helg.
  • Ledig frå 1.7.2019
Helsefagarbeidar / assistent 12,83% helgestilling. Fast stilling. 
  • Evt. student/elev over 18 år i relevant utdanningsløp.
  • Arbeid laurdag og søndag, 4 helger på 12 veker. 
  • Ledig frå 1.8.2019.
Helsefagarbeidar / assistent 12,83% helgestilling. Fast stilling.
  • Evt. student/elev over 18 år i relevant utdanningsløp.
  • Arbeid laurdag og søndag, 4 helger på 12 veker.
  • Ledig frå snarast.

For helsefagarbeidarar har me også ledig følgjande stillingar (eller assistent knytt til sovande nattevakt i IHT Miljøtenesten):

Kvilande nattevakt 80,83 % stillingsprosent, lønnsprosent 39,83%. Fast stilling.
  • Stillinga har arbeid 4 helger på 12 veker, samt vakter i vekene elles.                                  
  • Stillinga er ledig frå 1.9.2019.

Kvilande natt stillingsprosent 76,10%, lønnsprosent 43,86%. Permisjonsvikariat.
  • Stillinga har arbeid 4 helger på 12 veker, samt vakter i vekene elles.
  • Stillinga er ledig frå snarast og til 31.12.19.
Vang kommune søkjer også helsefagarbeidarar til korttid og heimesjukepleie.

Meir informasjon om stillingane ved Bakkehaugen, Grindatun og BPA får du ved å ta kontakt med:

Avdelingsleiar i IHT Miljøtenesten Marita Østborg, tlf: 905 80 097 eller Leiar for IHT Miljøtenesten, Elisabeth Hålien, tlf: 990 90 013

Kvalifikasjonskrav for samtlege stillingar
  • Grunnleggande interesse for å jobbe med folk og å ville bidra til å  skape ein god dag for dei du arbeider for og saman med.
    Personleg eignaheit, som for oss betyr:
  • lærelyst, gode samarbeidsevner, gode kommunikasjonsevner, pågangsmot, vera trygg på seg sjølv, godt humør, stabilitet og fleksibilitet. Ein lagspelar! 
    Andre ferdigheiter:
  • Kjennskap til målretta miljøarbeid, EPJ og positiv innstilling til bruk av data som verktøy.
  • Opplæring vil bli gjeve.
  • Må kunne gjera seg godt forstått på norsk,  både skriftleg og munnleg.
  • Førarkort klasse B.
Felles for stillingane
  • Tilsetting skjer på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor
  • Løn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gode pensjonsvilkår og forsikringsavtalar
  • Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad

Me tek atterhald om at fast tilsette med rettar etter HTA §2.3 har førerett til utviding av stilling. Ved intern tilsetjing blir evt. andre ledige stillingar å tilby søkjarane.

Søknad med CV/attestar og vitnemål merka arkivsak nr sendast elektronisk via heimesida www.vang.kommune.no

Aktuelle intervju vil antakelig skje tysdag 28. mai

Søknad sendast elektronisk seinast 22.05.19, bruk arkivkode.

OPNE ANNONSE