Frist utløpt

Innovangsjon SA er eit samvirke stifta 20. april 2011 av Valdres Sparebank og Vinjerock/Felagane. Samvirket jobbar etter visjonen «Vang byggjer Vang» med eit hovudmål om å bidra til handling for Vang på alle nivå. I dagleg arbeid ligg fokuset på ungdom og unge vaksne, næringsutvikling, trivsel, integrering, møteplassar, marknadsføring, busetting og bustadmarknad.

Vi søkjer etter ny innovangsjonsminister til 100 % fast stilling.

Innovangsjonsministeren er ein av to medarbeidarar Innovangsjon SA som samarbeider tett med bygda, næringslivet, og Vang kommune for å skape busetting og eit attraktivt bygdesamfunn for alle. Ministeren har ansvar for å følgje opp bedrifta sine målsetjingar, dra i gang relevante prosjekt, skape gode møteplassar og å fylle vangivaldres.no, facebookside og instagram-kanal med innhald.

Ministeren samarbeider tett med med næringsutviklar som er dagleg leiar i Innovangsjon SA. Arbeidsstaden er i Vang i Valdres og det må påreknast noko reising.

Personlege eigenskapar

Du er initiativrik, driftig, ryddig, effektiv, inkluderande og motiverande. Du har eit godt nettverk og deler dette. Du er stø på tekst og foto til nettsider og sosiale medium og trivst godt med å prate med folk. Du evner å jobbe både etter eigne og andres definerte mål, og ynskjer å oppnå resultat raskt. Du er genuint oppteken av Vang, utvikling og næringsutvikling.

Kompetanse

Vi søkjer primært etter deg med relevant erfaring og/eller utdanning for å løyse oppgåvene som innovangsjonsminister godt. Personleg eigenheit er det som til slutt avgjer. Du må ha førarkort og disponere eigen bil.

Vi tilbyr
  • Variert og fleksibel arbeidskvardag med faglige og kreative utfordringar i fleng.
  • Kontorplass i ope landskap på Kontorfellesskapet 1724
  • Høge fjell, mykje vêr og utruleg mykje bra folk.
  • Hjelp til å finne bustad om du treng det.

  • Løn etter avtale.

Spørsmål om stillinga og søknadsprosessen rettast til styreleiar Margrete Ann Fagerheim: margretefagerheim@gmail.com // mobil 991 02 016.

Søknadsfrist: 29. mars 2021

Søknad og CV sendast på e-post til margretefagerheim@gmail.com

vanglogo.png

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Sommarvikar ved Vang folkebibliotek

Vang kommune
Søknadsfrist: 28. apr 2024
Les mer om stillingen Sommarvikar ved Vang folkebibliotek

Organist 60 % og trusopplærar 20 % (i mogleg kombinasjon)

Vang kyrkjeleg fellesråd
Søknadsfrist: 01. mai 2024
Les mer om stillingen Organist 60 % og trusopplærar 20 % (i mogleg kombinasjon)

Lærling Helsefagarbeidar - 2.gongs lysing

Vang kommune
Søknadsfrist: 02. mai 2024
Les mer om stillingen Lærling Helsefagarbeidar - 2.gongs lysing

Sjukepleiar 100 % fast stilling ved korttid og heimesjukepleia

Vang kommune
Søknadsfrist: 05. mai 2024
Les mer om stillingen Sjukepleiar 100 % fast stilling ved korttid og heimesjukepleia

Støttekontakt og avlastar ved Tilrettelagte tenester

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. mai 2024
Les mer om stillingen Støttekontakt og avlastar ved Tilrettelagte tenester

Tilkallingsvikarer i Tilrettelagte tenester

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. mai 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarer i Tilrettelagte tenester

Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Tilkallingsvikarar innan reinhald

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar innan reinhald

Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24