Frist utløpt

Freistar det deg å overta og vidareutvikle ein lang tradisjon med kyrkjemusikk og konsertar i fjellkommunen Vang?

Vang høyrer til Valdres prosti i Hamar bispedøme. Vang er den vestlegaste av kommunane i Valdres, på grensa mot Sogn, og dermed midt mellom Oslo og Bergen. Vi har ca. 1600 innbyggarar og eit godt song- og musikkliv med to korps og to kor, i tillegg til eit vidt spekter av anna frivillig arbeid.

Kyrkja i Vang har 4 sokn; Heensåsen, Høre, Vang og Øye, med 6 kyrkjer - deriblant 2 stavkyrkjer, ei økumenisk fjellkyrkje.

Staben består av sokneprest, kyrkjeverje, trusopplærarar, kyrkjetenarar, klokkarar, reinhaldarar, kyrkjegardsarbeidar og snart kantor.

Me kan tilby gode instrument i tradisjonelle kyrkjer, og godt arbeidsfellesskap.

Det er ledig stilling som kantor i 80 % stilling frå 01.02.2020

Aktuelle arbeidsoppgåver
  • Samarbeid om planlegging og gjennomføring av gudstenester og kyrkjelege handlingar
  • Samarbeid om trusopplæringsarbeid og skule-kyrkjesamarbeidet
  • Ha web-ansvar for kyrkja si nettside, facebookside m.m
  • Legge til rette for kyrkjekonsertar, musikkandaktar og korarbeid
Kvalifikasjonar
  • Kyrkjemusikalsk kompetanse i samsvar med §3 frå Kyrkjemøtet.
  • Kantoren går inn i eit nært samarbeid med soknepresten og den staben elles.
  • Vi ønsker oss ein kantor som kan inspirere til song- og kyrkjemusikalsk aktivitet i kyrkjelydane.
  • Vi legg vekt på evne og vilje til å samarbeide, til å ta initiativ og til å arbeide sjølvstendig.
  • I tillegg legg vi vekt på musikalske kvalifikasjonar og at du vil passe godt i staben vår.
  • Søkjar må vere medlem av Den norske kyrkja.
  • Kvalifiserte søkjarar vil bli innkalla til intervju og prøvespel. Du treng å disponere eigen bil i jobben.

Tilsetting skjer på vilkår av dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtaler.

Vang kommune vil snarleg lyse ut ei mindre stilling som dirigent. Denne stillinga vil kunne tilpassast kantorstillinga.

Kontaktinformasjon

Guro Hovda, kyrkjeverje , 412 65 178 , gh575@kirken.no
Ingebjørg Vik Laugaland, sokneprest, il597@kyrkja.no

Arbeidssted

Tyinvegen 5161
2975 Vang i Valdres

Søknadsfrist: 07.11.2019

 

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Helsesjukepleiar - 100 % vikariat

Vang kommune
Søknadsfrist: 21. apr 2024
Les mer om stillingen Helsesjukepleiar - 100 % vikariat

Sommarvikar ved Vang folkebibliotek

Vang kommune
Søknadsfrist: 28. apr 2024
Les mer om stillingen Sommarvikar ved Vang folkebibliotek

Organist 60 % og trusopplærar 20 % (i mogleg kombinasjon)

Vang kyrkjeleg fellesråd
Søknadsfrist: 01. mai 2024
Les mer om stillingen Organist 60 % og trusopplærar 20 % (i mogleg kombinasjon)

Lærling Helsefagarbeidar - 2.gongs lysing

Vang kommune
Søknadsfrist: 02. mai 2024
Les mer om stillingen Lærling Helsefagarbeidar - 2.gongs lysing

Sjukepleiar 100 % fast stilling ved korttid og heimesjukepleia

Vang kommune
Søknadsfrist: 05. mai 2024
Les mer om stillingen Sjukepleiar 100 % fast stilling ved korttid og heimesjukepleia

Støttekontakt og avlastar ved Tilrettelagte tenester

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. mai 2024
Les mer om stillingen Støttekontakt og avlastar ved Tilrettelagte tenester

Tilkallingsvikarer i Tilrettelagte tenester

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. mai 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarer i Tilrettelagte tenester

Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Tilkallingsvikarar innan reinhald

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar innan reinhald

Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24