Vang kommune har ledig 100 % fast stilling som kommunalsjef for teknisk, plan, miljø og landbruk.
Kommunalsjefen inngår i kommunedirektøren sin leiargruppe. Leiargruppa arbeider i fellesskap med forsvarleg forvaltning og berekraftig utvikling av kommunen. Vi søkjer difor ein person med gode samarbeidsevner og ei strategisk innstilling til den samla kommunale verksemda.
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!