Frist utløpt

Det er ledig 100 % stilling som kontor- og lønsmedarbeidar i Vang kommune med tiltreding 01.08.20.

Stillinga er delt mellom staben på kommunehuset og Vang barne- og ungdomsskule.

Vang kommune nyttar nynorsk som målform. 

Vang kommunehus er plassert i sentrum av kommunen, og her held kommunens administrative og politiske leiing hus.

Vang barne- og ungdomsskule ligg 1,5 km bortanfor, og er ein kombinert barne- og ungdomsskule med klassetrinn frå 1.- 10. klasse. Skulen er fulldelt med omlag 200 elevar og 50 tilsette. 

Eit stort føremon om du kan disponera eigen bil. 

Me gjer merksam på at søkjarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkjarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkjar vil i tilfelle bli varsla på førehand.

Arbeidsoppgåver
  • Betene kontoret ved skulen og gje naudsynt rettleiing og bistand for publikum, elevar og tilsette.
  • Utføre merkantile tenester, herunder betene sentralbordet, skrive timelistar og vikarrekningar, hente og bringe post, ansvar for ordning med skulemjølk, bestilling av forbruksmateriell, arkivarbeid og journalføring.
  • Føring av aktuelle register, oversikter m.m.
  • Oppgåver innan lønsområdet og føring av rekneskap
  • Avstemmings- og kontrollarbeid, samt anna arbeid i rekneskapsavdelinga.
Kvalifikasjonar
  • Relevant utdanning.
  • Gode IKT-kunnskapar, herunder kjennskap til skuleadministrative system, WebSak Fokus og Visma.
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Krav om førarkort klasse B
  • Erfaring og realkompetanse vil verte lagt vekt på.
Personlege eigenskapar
  • Positiv, effektiv og serviceorientert
  • Prosess- og løysingsorientert
  • Fleksibel og kan arbeide sjølvstendig
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevnar
  • Strukturert og endringsvillig
  • Meistrar ulike dataprogram og har ein god skriftleg framstillingsevne
Vi tilbyr
  • Eit inkluderande arbeidsmiljø med kompetente tilsette
  • Ein jobb kor ein får arbeida med «heile organisasjonen»
  • Ein variert jobb med spennande utfordringar. Ingen dag er lik!
  • Løn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov – og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Hjelp til å skaffe bustad ved behov
Kontaktinformasjon


Ole Martin Alfstad
Stabssjef
 61369413
 990 09 605
 ole.martin.alfstad@vang.kommune.no


Tor Nordaas
Rektor
 61369431
 470 87 727
 tor.nordaas@vang.kommune.no

 

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Leiar ved Vang læringssenter

Vang kommune
Søknadsfrist: 16. jun 2021
Les mer om stillingen Leiar ved Vang læringssenter

Medarbeider Bygdinstøga

Bygdinstøga
Søknadsfrist: 30. jun 2021
Les mer om stillingen Medarbeider Bygdinstøga

Mekaniker på snøscooter, vannscooter og ATV

Vang Auto-Service AS
Søknadsfrist: 01. jul 2021
Les mer om stillingen Mekaniker på snøscooter, vannscooter og ATV

Restaurantmedarbeidere

Filefjellstuene/TFU
Søknadsfrist: 01. jul 2021
Les mer om stillingen Restaurantmedarbeidere

Danselærar

Vang kommune
Søknadsfrist: 01. jul 2021
Les mer om stillingen Danselærar

Helgestillingar - helsefagarbeidar eller assistent

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2021
Les mer om stillingen Helgestillingar - helsefagarbeidar eller assistent