Frist utløpt

Vang kommune har ledig 80 % fast stilling som kontormedabeidar ved Vang barne - og ungdomsskule. Me ser etter deg som har erfaring frå likande arbeid, og som blant anna er positiv, effektiv og serviceorientert!

Vang barne- og ungdomsskule er ein kombinert barne- og ungdomsskule, med klassetrinn frå 1. - 10.klasse og SFO. Skulen er fulldelt og har omlag 190 elevar.

Arbeidsoppgåver

  • Betene kontoret ved skulen og gje naudsynt rettleiing og bistand for publikum, elevar og tilsette
  • Utføre merkantile tenester, herunder betene sentralbordet, skrive timelistar og vikarrekningar, hente og bringe post, ansvar for ordning med skulemjølk, bestilling av forbruksmateriell, arkivarbeid og journalføring. Føring av aktuelle register, oversikter m.m.
  • Ansvar for oppfølging og booking av samfunnshusa i Vang kommune, her i godt samarbeid med styrene i samfunnshusa. 
  • Ansvar for oppfølging og booking av svømmehallen i Vangshallen 
  • Følgje opp mjølkebestilling og skolefruktordninga
  • Halde heimeside oppdatert i samarbeid med skuleleiinga
  • Bidra med å skrive referat, rutinar og liknande oppgåver
  • Andre praktiske og administrative oppgåver etter behov
  • Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga

Kvalifikasjonar

  • God og relevant erfaring er ynskjeleg
  • Gode digitale ferdigheiter, gjerne kjennskap til skuleadministrative system, WebSak Fokus og Visma.
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • God skriftleg framstillingsevne
  • Førarkort og disponera eigen bil

Personlege eigenskapar

  • Positiv, effektiv og serviceorientert 
  • Prosess- og løysingsorientert
  • Fleksibel og kan arbeide sjølvstendig
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevnar
  • Strukturert og endringsvillig

Personleg eignaheit vil bli vektlagt

Gyldig poltiiattest skal leverast før oppstart.

Vi tilbyr

  • Eit inkluderande arbeidsmiljø med kompetente tilsette
  • Ein variert jobb med spennande utfordringar.
  • Løn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov – og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Hjelp til å skaffe bustad ved behov

Vang kommune nyttar nynorsk som målform. 

 

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Fysioterapeut 80 % driftstilskott

Vang kommune
Søknadsfrist: 20. okt 2024
Les mer om stillingen Fysioterapeut 80 % driftstilskott

Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Tilkallingsvikarar innan reinhald

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar innan reinhald

Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24