Vang kulturskule søkjer etter lærar til vårt nye tilbod Oppfinnarklubben, dvs 7,68 % fast stilling, med oppstart august 2022.
Oppfinnarklubben blir drive i samarbeid mellom Vang Kulturskule, Vestre Slidre kulturskule og Skaperkraft Valdres SA. Den er lokalisert i Jokerspace Ryfoss som er eit lite, men relativt godt utstyrt makerspace. Arbeidet består av 1,5 time undervisning på måndagar. Førebuingar, etterarbeid og enkelte fellestiltak er inkludert i stillingsprosenten.
Oppfinnarklubben treng to lærarar, og det vert sett saman team som gjerne kan dekke kvar sine fagfelt. Vestre Slidre kulturskule har ansvaret for den andre tilsetjinga, og du finn rekrutteringa deira her om du ynskjer å søke ved begge kulturskulane: https://candidate.webcruiter.com/nb-no/home/companyadverts?&link_source_ID=0&companylock=82030&companyid=82030#search
Dei som søkjer må vere over gjennomsnittleg interessert i at barn bruker teknologi som produsentar og ikkje berre som konsumentar.
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!