Elevane våre fortener dei beste lærarane. Me søkjer etter fagleg sterke og engasjerte lærarar som brenn for elevane si læring og trivsel!
Vang kommune har frå 01.08.19 ledig fleire faste stillingar og vikariat ved Vang barne og ungdomsskule:
200% fast stilling lærar, 420% vikariat lærar for skuleåret 2019-2020 og 80% vikariat fram til 01.12.19. Stillingane vil bestå av undervisning i fleire fag på barne- og ungdomssteget.
Me søkjer etter allmennlærarar og grunnskulelærarar, og etterspør særskild undervisningskompetanse innan faga engelsk, musikk, kunst & handverk, spesialpedagogikk, migrasjonspedagogikk, byrjaropplæring 1. - 4. trinn og tysk 8. - 10. trinn. Kontaktlærarfunksjon må påreknast.
Vang barne- og ungdomsskule er ein kombinert barne- og ungdomsskule, med klassetrinn frå 1. - 10. klasse. Skulen er fulldelt og har omlag 204 elevar. Skulen har SMART-oppvekst som satsingsområde, og er godt i gang med implementering av ny læreplan. Skulen framstår som ny og moderne med flotte fasilitetar etter ei omfattande ombygging og påbygging i perioden 2014 - 2016.
Me ser etter lærarar som
- er gode klasseleiarar
- er i stand til å skape positive relasjonar til elevar, foreldre og kollegaer
- er innstilt på å medverke postitivt i skulen sitt utviklingsarbeid
- er innstilt på å medverke til eit godt skulemiljø
- har god IKT-kompetanse
For undervisningsstillingane kan det verte aktuelt å gjennomføre prøveundervisning i samband med intervju.
Personlege eigenskapar vil verte vektlagt.
Me tilbyr
- eit profesjonelt læringsfellesskap kor samarbeid står i sentrum
- tilhøyrsle i eit inspirerande, positivt og utviklande lærarteam
- faglege utfordringar og utviklingsmoglegheiter
- løn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- gode pensjons- og forsikringsordningar
Kommunen har personalbustader for leige.
Vang kommune nyttar nynorsk som målform.
Spørsmål ved stillingane kan rettast til rektor: Tor Nordaas. Tlf: 61 36 94 31 / 470 87 727
Tilsetjing på ordinære vilkår som til einkvar tid gjeld i kommunal sektor. Me tek atterhald om at fast tilsette med rettar etter HTA §2.3 har fortrinnsrett til utviding av stilling.
Ved tilsetjing må ein legge fram gyldig politiattest.
Søknad med CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk gjennom heimesida www.vang.kommune.no Søknad skal merkast med arkivsak nr. 19/217
Søknadsfrist: 17.april 2019
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!