Tyin / Filefjell er ein høgfjells destinasjon som tilbyr aktivitetar og friluftsliv både sumar som vinter med Jotunheimen som nærmaste nabo. Me tilhøyrer Vang kommune i Valdres.
Tyin / Filefjell Utvikling AS har fleire foretningsområder. I denne forbindelsen søkjer vi medarbeidar i skianlegget for sesongen 2021 / 2022.
Arbeidsdagane er ofte varierte og du vil vera ein viktig person i teamet som vil vere med på å gi gjestane ein god oppleving.
Arbeidsoppgåvene vil innbefatte snølegging, heisførar, billettsal, skiutleige, vedlikehald og anna forefallande arbeid som er avgjerande for den daglege drifta av anlegget.
Det er positivt om du står på ski / snowboard.
* Me søkjer etter ein initiativrik og fleksibel person som er glad i fysisk arbeid.
* Du må vera over 18 år, snakke flytande norsk og ha førarkort for bil og snøscooter.
* Du må vera omgjengeleg, observant og hjelpsom.
* Fyrstehjelpskunnskap er å foretrekke.
Periode 01.11.21 - 01.05.22
Løn etter avtale.
Me kan vere behjelpelege med formidling av bopel.
Søknadsfrist 15.09.2021.
Søknad sendast samla med CV til Ole Martin Jægersborg på e-post: olem@tyinfilefjell.no
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!