Frist utløpt

Om stillinga

Er du vår nye kollega ved Vang legekontor?  Ein av våre trufaste medarbeidarar sluttar, og me vil gjerne ha DEG som søkjar! 

Me har inntil 60 % stilling ledig (du kan sjølv velje stillingsprosent frå 40-60 %). Arbeidsdagar pt er mandag, tirsdag og eventuelt onsdag. 

Vang legekontor har tre fastlegar og tre medarbeidarar.  Legekontoret ligg i kommunesenteret Vang, og er samlokalisert med psykisk helseteneste, helsestasjon, frisklivssentral, ergo- og fysioterapi, samt kommunepsykolog.  Legekontoret har i tillegg til fastlegeteneste, legevakt på dagtid, kommuneoverlegefunksjon og andre kommunale legetenester. 

Arbeidsoppgåver

  • Som medarbeidar på legekontoret har du varierte arbeidsoppgåver.  Medarbeidarane vekslar mellom sentralbord, laboratorietenestar, skadestove og andre støttefunksjonar for legane. 
  • vurdere hastegrad når pasientane kontaktar legekontoret 
  • pasientretta aktivitet:  EKG, spirometri, blodprøver, stell av sår og liknande 
  • yte praktisk hjelp til legane ved behov 
  • administrere timebøker 
  • kontorarbeid knytt til verksemda
  • oppgåver knytt til helsetenester i mottak / flyktningehelse kan bli lagt til stillinga
  • tilsette vil få tildelt ansvarsområder knytt til drift av legekontoret
 

Kvalifikasjonar

Me søkjer etter deg som:  

  • er sjukepleiar eller har annan relevant helsefagleg utdanning kombinert med relevant erfaring 
  • har relevant erfaring frå kommunehelseteneste, legekontor, legevakt, akuttmedisin 
  • har god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne 
  • kunnskap om bruk av relevante datasystem og evne til å opparbeide god dataforståing 

 

Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som er:

  • lærevillig  
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner 
  • er strukturert og endringsvillig 
  • gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar og eignaheit for stillinga blir vektlagt 

Godkjend politiattest skal leverast ved tilsetjing 

Vi tilbyr

  • Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø med høgt fagleg fokus. 
  • Nye utfordringar kvar dag og gode kollegaer som gjerne hjelper deg. 
  • Løn etter tariff, og arbeidsvillkår etter gjeldande lov- og avtaleverk 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Tilsetjing på ordinære villkår som til eikvar tid gjeld i kommunal sektor 

 

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Fysioterapeut 80 % driftstilskott

Vang kommune
Søknadsfrist: 20. okt 2024
Les mer om stillingen Fysioterapeut 80 % driftstilskott

Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Tilkallingsvikarar innan reinhald

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar innan reinhald

Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24