Miljøarbeidarar hjå Gullringen bufellesskap

Miljøarbeidar - Gullringen bufellesskap

Stillingar ledig for miljøarbeidarar med snarleg oppstart

Gullringen bufellesskap for einslege mindreårige flyktningar har ledig inntil 115 % stilling for miljøarbeidarar. Vi søkjer personar med erfaring innan omsorgsyrke, bufellesskap eller pedagogikk og med gode samarbeidsevner og god arbeidskapasitet. Vi treng tydelege vaksne som kan hjelpe dei mindreårige med å få ein god start på livet i Noreg. Det er ynskjeleg med førarkort.

Personleg eigenheit vil bli vektlagt.

Spørsmål om stillingane kan rettast til etatsleiar Jon Eggen tlf 901 86 731 eller for stillingane i bufellesskapet til leiar Erik Martinsen Dalåker tlf 414 09 798.

Vi tek atterhald om at fast tilsette med rettar etter HTA § 2.3 har førerett til utviding av stilling. Ved intern tilsetjing blir eventuelle andre ledige stillingar å tilby søkjarane.

Ved tilsetjing må ein leggje fram gyldig politiattest.

Merk søknad til bufellesskapet med ”arkivsak 16/864”.

Send søknaden elektronisk via våre nettsider: www.vang.kommune.no eller i vanleg post til Vang kommune, rådmannskontoret, Tyinvegen 5161,  2975  Vang i Valdres innan 28. oktober 2016.

OPNE ANNONSE