Montør

Montør (1)

Elektrisk installasjon søker etter montør i 100 % stilling.

Elektrisk installasjon AS har sidan 1978 montert elektriske anlegg i privathus, driftsbygningar, næringsbygg og hytter i Vang og nabokommunane. Mange oppdrag gjer at bedrifta no er i posisjon for å tilsette ein montør i 100 % fast stilling.

Arbeidsoppgåver
Elektriske installasjonar i privatbustader, næringsbygg, hytter og driftsbygningar.
Montering av varmepumper. 

Kvalifikasjonar 
Fagbrev montør gruppe L 
Førarkort klasse B 
Arbeidserfaring med svakstrøminstallasjon 
Gjerne kunnskap om varmepumper

Vi tilbyr 
100% stilling 
Eigen arbeidsbil 
Løn etter avtale 
Hjelp med å finne bustad

For spørsmål kring stillinga, kontakt dagleg leiar Kjell Arne Dalåker tlf: 416 09 478

Søknadsfrist 30.10.2016

Søknaden sender du til post@elektriskinstallasjon.no

OPNE ANNONSE