Likar du folk, språk, kultur og historie? Då har vi sommarjobben for deg.
Vi søkjer omvisarar i stavkyrkjene i sommar:
Øye stavkyrkje: 27. 6 – 15.8: torsdag – søndag kl. 11.00 17.00
Høre stavkyrkje: 26. 6 – 15.8: laurdagar kl. 11.00 – 17.00. Ope for bytte av arbeidsdag.
Opplæring, god oppfølging og løn etter tariff.
Du bør helst vere over 18 år.
Søknad sendast post.vangivaldres@kyrkja.no innan 10. juni 2021.
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!