Frist utløpt

Grunna mange igangverande og nye saker innan saksbehandling, matrikkelføring og oppmåling ynskjer Vang kommune å auke bemanninga innan fagområdet i ei periode.

Stillinga omfattar fagområda eigedomsoppmåling, matrikkelføring, oppretting og endring av eigendom, seksjonering og kartforvaltning/GIS. Oppmålingsingeniør sine oppgåver er viktige for etaten, der det òg blir behandla plansaker, byggesaker, konsesjonssaker m.v.

Stillinga krev mykje sjølvstendig arbeid. I tillegg inneber stillinga samarbeid med dei andre fagområda i etaten. Oppfølging av grunneigarar og tiltakshaverar er og ein viktig del av jobben.

Arbeidsoppgåver kan tilpassast søker sin kompetanse og praksis. Engasjementet har varigheit frå haust 2023 tom juni 2026. 

 

Arbeidsoppgåver

  • Saksbehandling og rettleiing, mellom anna;
    • andre matrikkelsaker
    • adressetildeling
    • seksjonering
    • matrikkelforbetring/kvalitetsforbetring
    • klagesaksbehandling
  • Oppmålingsforretningar, mellom anna;
    • frådelingar og løyve
    • forretning over eksisterande eigedom
    • grensejusteringar
    • matrikkelføring
  • Rådgiving og støtte for matrikkel og kart
  • Bistå ved, og kvalitetssikre kommunale grunnerverv og -sal
  • Geovektskontakt

Kvalifikasjonar

  • Relevant 3-5 årig utdanning frå høgskule/universitet. Anna relevant utdanning/erfaring kan vurderast
  • Kunnskap om matrikkelloven og anna relevant lovgivning/regelverk er ein fordel
  • Kompetanse på bruk av ulike IKT-system, spesielt GIS er ein fordel
  • Erfaring i bruk av oppmålingsverktøy er ynskeleg
  • Godkjent matrikkelførerkurs er ynskeleg 
  • Landmålarbrev eller kompetanse som kvalifiserer til landmålerbrev er ynskeleg
  • Erfaring frå kommunal forvaltning er ein fordel
  • Førarkort for personbil og bør disponera eigen bil

Personlege eigenskapar

  • Fagleg engasjert, sjølvstendig og liker ein hektisk arbeidskvardag
  • Opptatt av å levere tenester av høg kvalitet
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner 
  • God framstillingsevne munnleg og skriftleg og gode norskkunnskapar
  • Serviceinnstilt 

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og givande jobb
  • Variert arbeid i eit positivt miljø 
  • Tverrfaglig miljø og gode interkommunale nettverksgrupper
  • Løn etter kvalifikasjonar og etter kommunens regulativ
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Fleksibel arbeidstid

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Tilkallingsvikarar innan reinhald

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar innan reinhald

Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24