Stillinga omfattar ansvar for fagområda eigedomsoppmåling, matrikkelføring, oppretting og endring av eigendom, seksjonering og kartforvaltning/GIS. Oppmålingsingeniør sine oppgåver er viktige for etaten, der det òg blir behandla plansaker, byggesaker, konsesjonssaker m.v.
Stillinga krev mykje sjølvstendig arbeid, og i tillegg må den som tilsettast samarbeide med dei andre tilsette i etaten. Oppfølging av grunneigarar og andre kundar er og ein viktig del av jobben.
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!