Frist utløpt

Vang kommune har ledig 200 % fast stilling som pedagogisk leiar f.t. i Fredheim barnehage, der 100% er spesial pedagogstilling. Stillingane er ledig frå snarast.

100% mellombels stilling i Høre barnehage knytt til å arbeide med barn i frå Vang mottakssenter frå 01.09.22 - 31.07.23 med mogeleg forlengelse.

Barnehagebarna våre fortener dei beste pedagogane. Me søkjer etter ein fagleg sterk og engasjert pedagog som brenn for barna si læring og trivsel! Kommunen satsar sterkt på psykisk helse og livsmeistring, med robuste barn og unge som taklar medgang og motgang.

Oppvekstsektoren i Vang har eit felles utviklingsprosjekt gjennom SmartOppvekst, og me er no i vårt tredje år i denne satsinga. Vert du med oss på laget?

Fredheim barnehage er lokalisert i Vang sentrum. Barnehagen held til i flotte og nyoppussa lokalar, og har utedagar i naturskjøne omgjevnadar.

 

Rekrutteringstiltak: Flyttegodtgjering og redusert husleige!

For faste stillingar tilbyr kommunen flyttegodtgjering ved flytting til Vang kommune (kompensasjon av faktiske flytteutgifter inntil gitt sum) og redusert husleige det første året (enten ved kommunal bustad eller bidrag til husleige ved privat leige etter prisanslag). Bindingstid vil tilkome.

For vikariatet kan kommunen tilby redusert husleige i tilsetjingsperioda (enten ved kommunal bustad eller bidrag til husleige ved privat leige etter prisanslag).

 

Fredheim barnehage
Fredheim barnehage er sentrumsbarnehagen med gangavstand til biblioteket, kommunehuset, skulen og
fleirbrukshallen. Bygget inneheld to avdelingar. Stor avdeling, Grindagjengen, med plass til 30 barn i alderen 4-6 år, og
Hugagløtten som er minste avdeling, med plass til 20 barn i alderen 1-3 år. Satsingsomområde er "SmartOppvekst" med tankesett som bygger gode eigenskapar, styrke og livsmeistring. I Vang er det naturleg å vera mykje ute i vår vakre natur. Fredheim barnehage har faste utedagar i veka, og
turdagane går til naturskjønne områder i nærleiken av barnehagen. Søvelbua er turmål nr. 1 største delen
av året. Elles er det turar for dei største barna både til Fugleberg, langs Kongevegen og til Krøsshaug.

 

Høre barnehage
Høre barnehage ligg flott til i naturskjønne omgjevnadar mellom fjell og skog, og er barnehagen som ligg
lengst sør i Vang kommune. Barnehagen er en to-avdelings barnehage på tilsaman 355 m², med eigen
gymsal og stort uteområde.
Høre barnehage er fordelt over 3 etasjar, med personalavdeling på toppen, storbarnsavdeling i midten, og
småbarnsavdeling i kjellaren.
I Høre barnehage er personalet opptatt av at alle skal ha det bra, og at leik og læring skal vere i fokus.
Barnehagen brukar nærmiljøet sitt aktivt, og er mykje på tur i skogen ved gapahuken og i bygda.
Elles trives barnehagen godt på det store uteområdet. På kalde dagar nyttast gjerne tida i gymsalen eller
på avdelinga.

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Vinjerock søkjer partnar- og økonomisjef

Vinjerock
Søknadsfrist: 01. des 2022
Les mer om stillingen Vinjerock søkjer partnar- og økonomisjef

Medarbeider ved Vang legekontor

Vang kommune
Søknadsfrist: 14. des 2022
Les mer om stillingen Medarbeider ved Vang legekontor

Tilkallingsvikarar i barnehage 2022

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2022
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2022

Tilkallingsvikarer ved Miljøtenesta

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2022
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarer ved Miljøtenesta

Tilkallingsvikarar i barnehage 2022

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2022
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2022