Barnehagebarna våre fortener dei beste pedagogane. Me søkjer derfor etter fagleg sterke og engasjerte pedagogar som brenn for barna si læring og trivsel!
- Fredheim barnehage har 2 ledige pedagogstillingar frå 01.08.21; ei 100 % fast stilling og eit vikariat i 100 % for barnehageåret 21/22.
- Høre barnehage har ledig 100 % vikariat for pedagog frå 01.08.21 tom 31.12.21 med mogleg forlenging.
Kommunen satsar sterkt på psykisk helse og livsmeistring, med robuste barn og unge som taklar medgang og motgang. Oppvekstsektoren i Vang har eit felles utviklingsprosjekt gjennom SmartOppvekst, og me er no i vårt fjerde år i denne satsinga. Vert du med oss på laget?
Rekrutteringstiltak: Flyttegodtgjering og redusert husleige!
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!