Vang kommune har ledig 100 % fast stilling som personalrådgjevar. VI søker en person som er relasjonsorientert, positiv og ynskjer å bidra i eit langsiktig perspektiv.
Stillinga er ein del av kommunedirektøren sin stab, med stabssjef som næraste leiar. Som personalrådgjevar i Vang kommune arbeidar du tett saman med leiarar, tillitsvalde og medarbeidarar i alle aspekt av personalforvaltninga. Stillinga er allsidig, med både rutineoppgåver og meir komplekse arbeidsoppgåver, noko som gir deg ein svært variert arbeidskvardag med stor grad av sjølvstende. Personalrådgjevar er med i regionalt personalleiarforum for kommunane i Valdres. Kommunen brukar Visma Enterprise HRM, Webcruiter og Acos Websak. Vang kommune nyttar nynorsk som målform.
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!