Vang kommune har ledig 100 % årsvikariat som personalrådgjevar frå ca april 22. Vi søkjer ein person som er relasjonsorientert, positiv og strukturert.
Stillinga er ein del av kommunedirektøren sin stab, med stabssjef som næraste leiar. Som personalrådgjevar i Vang kommune arbeidar du tett saman med leiarar, tillitsvalde og medarbeidarar i alle aspekt av personalforvaltninga.
Stillinga er allsidig, med både rutineoppgåver og meir komplekse arbeidsoppgåver, noko som gir deg ein svært variert arbeidskvardag med stor grad av sjølvstende. Personalrådgjevar er med i regionalt personalleiarforum for kommunane i Valdres. Kommunen brukar blant anna Visma Enterprise HRM, Webcruiter og Acos Websak. Vang kommune nyttar nynorsk som målform.
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!