Vang kommune har inngått intensjonsavtale med Tyin/Filefjell Utvikling AS (TFU) med ei målsetting om å etablere leirskule på Filefjell i Vang kommune. Intensjonavtalen skal gje eit grunnlag for å planlegge, prøve ut og starte opp med leirskuledrift. I samband med dette søkjer Vang kommune etter ein prosjektleiar i 50 % stilling over 6 månadar, som skal utarbeide eit undervisingstilbod i tråd med LK20. Prosjektleiar rapporterer direkte til kommunalsjef for utdanning og kultur.
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!