Frist utløpt

Valdres-kommunane har ledig 100 % stilling som prosjektleiar for perioda frå 01.10.17 til 01.07.18. Prosjektet har som føremål å utgreie behovet rundt personar med rusavhengigheit og psykiske lidingar.

Føremål

Til prosjektet ligg det å utgreie felles døgnteneste i Valdresregionen, og derav behovet for aktiv teneste og beredskap for brukargruppa som er personar med rusavhengigheit og psykiske lidingar. Målsetjinga er å nå regionen sitt mål for brukargruppa jf. samhandlingsreformen, ved å bruke dei samla ressursane i regionen på ein heilskapleg og effektiv måte.

Helse og omsorgsleiarforum i Valdres (HOF) er styringsgruppe for prosjektet, og det skal rapporterast til HOF undervegs. Det er oppnemnt ei prosjektgruppe, og utarbeidd mandat for arbeidet. Stillinga er organisatorisk plassert i helse og omsorgsetaten i Vang kommune og næraste leiar blir helse – og omsorgssjef Guro Råheim Kvam.

Etter vurdering kan stillinga lokaliserast i anna kommune om det er ynskjelig.

Hovudarbeidsoppgåver
  • Evaluere noverande modell for arbeidet med rus og psykisk helse i Valdres.
  • Utgreie kva for tenestar som bør organiserast i kommunane og kva for tenestar som bør organiserast regionalt.
  • Kartlegge omfang av målgruppa.
  • Utgreie behov for felles regional døgnteneste; aktiv teneste og beredskap gjennom døgn/veke.
  • Vurdere velferdsteknologiske løysingar.
  • Etablere samarbeid med pårørande, nettverk og frivillig sektor.
  • Utvikle og prøve ut modell for samhandling som skal sikre god boligsosial oppfølging for personar med rusmiddelproblem og psykiske lidingar, herunder utgreie moglegheit for regionalt butilbod for dei mest ressurskrevjande pasientane.
  • Etablere regional oppfølging av ungdom med ruskontrakt
Me ynskjer at du som søkjar har
  • Relevant bachelor utdanning
  • Kompetanse på/erfaring frå prosjektleiing
  • Vidareutdanning og/eller erfaring frå arbeid med rus og psykisk helse er eit føremonn, men ikkje eit krav
  • Gode munnlige og skriftlige norskkunnskapar
  • Evne til å jobbe sjølvstendig, og gode samarbeidsevner.
  • Personleg egnaheit vil bli tillagt stor vekt.
Me tilbyr:
  • Arbeidet vil vere på dagtid, med 37,5 timars arbeidsveke.
  • Løn etter tariff/kvalifikasjonar og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk.
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår.

Ein gjer merksam på at namnet på søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om at namnet blir unnteke offentlegheit.

Nærare opplysning om stillinga får du ved å kontakte Helse – og omsorgssjef Guro Råheim Kvam tlf. 99 09 11 87.

Søknad og vitnemål/attestar merka arkivsak nr 17/601 sendast elektronisk via heimesida www.vang.kommune.no. Søknadsfrist søndag 16. juli 2017

Treng du folk?

Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.

Send e-post

På jobbjakt?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!

Send e-post

Andre ledige stillingar

Hero Norge søker informasjonskonsulent til asylmottak i Vang

Vang Mottakssenter
Søknadsfrist: 18. apr 2024
Les mer om stillingen Hero Norge søker informasjonskonsulent til asylmottak i Vang

Helsesjukepleiar - 100 % vikariat

Vang kommune
Søknadsfrist: 21. apr 2024
Les mer om stillingen Helsesjukepleiar - 100 % vikariat

Sommarvikar ved Vang folkebibliotek

Vang kommune
Søknadsfrist: 28. apr 2024
Les mer om stillingen Sommarvikar ved Vang folkebibliotek

Organist 60 % og trusopplærar 20 % (i mogleg kombinasjon)

Vang kyrkjeleg fellesråd
Søknadsfrist: 01. mai 2024
Les mer om stillingen Organist 60 % og trusopplærar 20 % (i mogleg kombinasjon)

Støttekontakt og avlastar ved Tilrettelagte tenester

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. mai 2024
Les mer om stillingen Støttekontakt og avlastar ved Tilrettelagte tenester

Tilkallingsvikarer i Tilrettelagte tenester

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. mai 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarer i Tilrettelagte tenester

Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar ved Vang barne - og ungdomsskule 2023-2024

Tilkallingsvikarar innan reinhald

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar innan reinhald

Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24

Vang kommune
Søknadsfrist: 31. des 2024
Les mer om stillingen Tilkallingsvikarar i barnehage 2023/24