Busetjing og drift på garder i Vang og Vestre Slidre

Prosjektleiar i 20 % stilling

Vestre Slidre og Vang startar i januar opp eit treårig prosjekt for busetting og drift på tomme gardar.

Innovangsjon SA er prosjekteigar og arbeidet er forankra hjå faglag, politikarar og administrasjon i dei to kommunane. 
 Hovudmål er ny aktivitet på tomme bruk og som prosjektleiar er du med på å peike vegen fram mot dette målet.

Du lyt brenne for levande bygder og landbruk og og evne å jobbe på lag for å oppnå konkrete mål i prosjektet.

Vi søkjer prosjektleiar med
  • God lokalkunnskap om Vestre Slidre og Vang

  • Gjennomføringskraft og kreativitet
  • 
Evne og vilje til gode samarbeid
  • 
Kjennskap til gardsdrift
  • 
Personleg engasjement for prosjektet

  • God munnleg og skriftleg formidlingsevne og gode datakunnskapar. 

  • Førarkort og tilgang på bil 
Vi tilbyr
  • 
Ei særs fleksibel 20%–stilling i tre år 
  • 
Tett samarbeid med tilsette i Innovangsjon og andre ressursar knytt til prosjektet 

  • Kontorplass på kontorfellesskapet 1724

  • Lønn etter avtale



Send søknad og CV til dagleg leiar i Innovangsjon, Hallgrim Rogn, innan 28. november. hallgrim@vangivaldres.no. (Tlf: 41222769)

Spørsmål om stillinga rettast og dit.

Prosjektperiode er 1. januar 2017 til 31 desenber 2019.