Vang kommune skal samle reinhaldarar og vaskeri til ei felles avdeling, lagt til etat for Landbruk og teknisk frå hausten 2023. I den forbindelse søkjer me etter reinhaldsleiar i nyoppretta fast stilling.
I stillinga inngår personalansvar for alle reinhaldarane i kommunen og tilsette ved vaskeriet, og fagansvar for reinhaldstenesta. Reinhaldsleiaren må samhandle tett med avdelingsleiarar ift reinhaldsbehov og utforming av reinhaldsplanar.
Arbeidsoppgåver
- Fagansvarlig med personalansvar
- Utforming av rutinar og reinhaldsplanar
- Samhandling med andre leiarar
- Kvalitets – og innkjøpsansvarlig
- Opplæringansvarleg
- Koordinering og planlegging av reinhald
- Deltaking i andre oppgåver må kunne påreknast
Kvalifikasjonar
- Gjerne fagbrev innan reinhald eller anna relevant utdanning. Andre eigenskapar eller lang erfaring innen faget kan kompensere for manglande utdanning.
- Erfaring som leiar
- Gode leiaregenskapar
- Strukturert og god på organisering
- God på kommunikasjon og samhandling
- Gode samarbeidsevner
- Fleksibel og evne til å arbeide sjølvstendig
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Førarkort, og kan disponera eigen bil v/behov
- Kunnskap om bruk av IKT som verktøy
Personlige eigenskapar og eignaheit for stillinga vil verte vektlagt
Me tilbyr
- Ein variert og givande jobb
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Fleksibel arbeidstid
- Tilsetting skjer på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor.
- Lønn etter tariff i hht hovudtariffavtala
Treng du folk?
Driv du verksemd i Vang, og treng fleire folk på laget? Vi kan gjerne hjelp deg med å synleggjere dei ledige stillingane dine - og tipse aktuelle kandidatar som vi kjenner til.
På jobbjakt?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du er på jakt etter jobb i Vang. Vi er stadig i kontakt med verksemder som treng ulike typar folk, og då er det kjekt for oss å vite om aktuelle kandidatar. Send oss ein e-post eller ring for ei samtale om moglegeheiter i Vang!